Månedarkiv for september, 2009

Bomtur…på ein måte

vasskoppen2

 

Eg såg ikkje ein einaste sau. Det blæs sikkert 20 m/s i kasta og det hølja ned.  Men her eg sit og kjenner varmen kome sigande, tenkjer eg med meg sjølv: Om det var ein bomtur, så var det jammen ein fin ein.

Om å prøve på det umoglege

stabeisen

Ikkje mykje til gran, som du ser. Men om vi tek omsyn til oppveksttilhøve, må ein kanskje tenke om att. Kan hende burde ein gjere det litt oftare.

Eg skulle nå fyrste ferja frå Hundeidvik

fjellsetermorgon

mothundeidvik1

mothundeidvik2

mothundeidvik3

Eg nådde ferja.

Og så var det berre å køyre dei få mila heim og kome seg til fjells.

Laurdag vart ein fin dag.

Vil du vere med å sanke sauer ?

oppidereinstad

Sankardag sist laurdag: Regn, skodde og kuling. Ei av dei som var med fann ei tørr bot på kroppen då vi kom heim. Goretex er svære greier.

ettersankifinever

Ettersank no i kveld.

Du hadde eigentleg ikkje visst mykje om kva du hadde lova dersom du hadde svara ja på spørsmålet mitt. Det hjelp lite å sjekke langtidsvarselet tilyr.no, har det vist seg

Etter den første hauststormen

ettereinstorm

No er det berre å ete i kapp med lavtrykka som kjem som perler på ei snor.

Eg las noko i eit blad her ein dag

elva_Mosætra

Tenkte eg ville sjå om det hadde noko føre seg.
 Biletet vart faktisk litt finare når eg speilvende det. Men rett skal vere rett, eller kanskje ikkje ?

“Så nådde vi bunnen, igjen går det oppad”

motvardehornet_web

For fyrste gong sidan jonsok ser eg grøne tal på “Google analytics”.

“Solarize”, stod det på ein knapp

solarize

Eg tenkte, “kvifor ikkje prøve ?”

“Summer moved on”, syng A-ha

thesummermovedon

Eg må gje dei rett.