Eg har ein gitar og eg har ein Korg Pandora som eg har arva etter son min. Pandoraen er ein slik multieffektboks som seriøse gitaristar fnys av, men for meg er boksen ei kjelde til mykje enkel glede. Eg kan velje ein rytme, legge på nokre takter med komp og så er eg i gang.
I helga var eg på 30 års jubileum for artiumen min og det gjekk opp for meg at vi var omlag midt mellom russetida og foventa endestasjon. Eg spurde meg sjølv : “Bør denne oppdaginga få konsekvensar for liv og prioriteringar ?” Noko godt svar på det spørsmålet sit eg sjølvsagt ikkje inne med enno, men ein ting er eg sikker på og det er at det byrjar å verte knapt med tid for langsiktige strategiar og karriereplanlegging. Det er kanhende tida for å priortere det som gir meining og glede her og no.
Det var akkurat det eg gjorde då eg tok med meg frukostkaffien ned i kjellaren, leita fram gitaren, stilte Korgen på “Funk_2″, spelte inn fire takter med akkordar og reiste på tur. Resultatet, med alle sine feil og manglar, finn du i fullstendig råformat nedanfor. Det er ein av konsekvansane av denne nye “innsikta” mi. Redsla for å syne feil, manglar, det uperfekte, skal få mindre makt.
Heismusikk_1
Siste kommentarer