Månedarkiv for november, 2009

Autonom hydrodynamikk

fluidteknikkEg skulle likt å sjå dei matematiske likningane som skulle til for å rekne ut at nysnøen ville legge seg akkurat slik. Eller kanskje ikkje. Teoretisk hydrodynamikk er forferdeleg kompliserte saker.

Men i går morgon hadde det laga seg slik. heilt av seg sjølv.

Her kan du ligge på svai om du vil

paasvai

 

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå

For 11000 år sidan fall Parishornet ned

parishornet

og danna Skorgeura og noko som må ha vore ei enorm flodbylje. Her ser du staden fjellet stod på. Om du vil vite meir om denne unike staden, kan du sjølvsagt lese denne NGU-rapporten. Men det kan ikkje samanliknast med å ta seg ein tur sjølv.

Eg kjem nok aldri på “Øde øy” på NRK P1

 

Men om nokon likevel skulle finne på å spørje meg kva for musikk eg måtte ha med meg om eg skulle hamne åleine på ei aude øy, ville eg ikkje vere i tvil om at noko av Bruce Cockburn måtte vere med i bagasjen.

På ein skala frå 1 til 10,

haust

kor melankolsk er dette biletet ?

Utbrent is

whiteout

 

 Kvar vert digitale bilete av når du slettar dei ? Gjer det nokon skilnad at dette biletet vart spart for å hamne i den store gløymsla i siste sekund? Av og til tek eg meg sjølv i å grunde på slike ting.  Kan det vere sunt ?

På rett kurs

Moldepanorama

 

Var på kurs i dag. Pausane var fine dei og.  Dette er litt av det som er kåra til den 10. finaste utsikta i landet. Ser du kvar eg var ?

I skyminga

skyming

 

“ Ting utviklar seg og vi må sjå inn i framtida.”  Vi høyrer stadig at desse orda vert nytta som grunngjeving for å gjennomføre upopulære tiltak. Denne gongen kjem utsegna  frå styreleiar i Fjord1 Fylkesbaatane, Jarle Skartun, i samband med  avgjerda om å bytte ut det 150 år gamle kompaniflagget. Ei avgjerd som har utløst det reine folkeopprøret i nabofylket. Folket rasar, men “ting utviklar seg og vi må sjå inn i framtida.” Ja, då så.

På skulen lærer vi at ei rett line som går gjennom to punkt er eintydig definert.  Av og til lurer eg på om vi går rundt og innbiller at framtida ligg på ei rett line som går gjennon i går og i dag. Men historia gjev oss få haldepunkt for at det er slik det heng saman etter det eg kan skjøne. Skyminga er det sjølvsagt ikkje så mykje vi kan gjere  med, men eg likar å tru at vi ved å setje oss  mål og å arbeide for å nå dei, kan påverke den retninga Utviklinga tek  og dermed også kvar framtida ligg.

På tide å gå heim, ser det ut til. Fingrane er alt blå

meirdalsfjord

Det var meldt sterk kuling ved Stadt. Det er rett borti her. Så eg kunne vel ikkje vente anna.

Står nok framleis etter neste storm også

thelastthing

Kris Kristofferson har laga mykje som eg set stor pris på. Mellom anna songen “The last thing to go”. Siste verset og refrenget går slik:

Love is the reason we happened at all
And it paid for the damage we done
And it bought us the freedom to fall into grace
On our way to our place in the sun

Every hard rocking wreck on the highway
Every heartbroken rule of the road
Every true thing we wrote on the wind is still singing
Love is the last thing to go

Han kan få sagt det, han Kristofferson.