Månedarkiv for januar, 2010

Noksnøno ?

nokno

“Dikt i dag er billege”

toppenavfossen

elles kan alt brukast,
sjølvsyn òg,
enno finst det ei bjørk
som er krokut,
og grannen har eit ordtak
etter far sin

Eller så kan ein stele frå Olav H Hauge sitt dikt “Dikt i dag”

Beint fram

sanking2

Beint fram den rake vegen
til du er blind og blå!
So heitte det ein gong
ein adelsmann skal gå.
Det trur eg no for min part
berre so måteleg på.

Det er det mest karslege,
det skal vera sant,
og høver store heltar,
men ikkje nett ein fant,
som ikkje trur at alt
er plent svore og bant.

Det nyttar ikkje å renna
mot berget, hard og bratt.
Då fær du gå ikring,
og prøva å finna att
den leidi du veik ifrå,
og segja til berget: Statt!

Eg vilde rida glasberg
i blindøygt ofsemod,
men datt nedatt som ein skinnfeld
med dei hine stod og lo.
So tok eg til å krabba
og ta det meir med ro.

Til tronge glipar kjem eg,
til svarte stygge stryk.
Då lyt eg ganga langs med,
og sjå at fuglen fyk.
For bøygjer ein seg ikkje,
so veit ein at ein ryk.

Eg vavrar rundt i ulende
og riv meg sårt til blods
og leitar meg attende,
og det gjeng trått til fots.
So ser eg atter médi,
og eg vert glad til mods.

OLAV H. HAUGE – Glør i oska. 1946

På skinner

påskinner

Tiltak ved avvik
Oppdatert 25.01.2010, 14:16 | Når det oppstår problemer på jernbanen iverksetter NSB ekstra tiltak for å få kundene fram. I hovedsak innebærer det buss eller taxi istedenfor tog. Det nye tiltaket innebærer at tog kan erstatte tog under gitte omstendigheter.”

Ja, ein kan alltids håpe. Men med 150 km til næraste trafikkerte jernbaneline, må eg nok belage meg på å vente ei stund.

Komplementær

ettermiddagssol

Det var ein nydeleg novembersøndag. Den lave ettermiddagssola forgylte heile verda, ein måse flaug over hovudet mitt og knuten på den høgre skolissa mi hadde gått opp. Fjøra lukta ikkje fjøre, men denne ubeskriveleg gode, salta lukta ein kan kjenne på kalde haustdagar.Eg trur det er lukta av hav. Og det var pause i cupfinalen mellom Aalesund og Molde. Alt dette dukka opp då eg såg att dette biletet.

Men eg har øydelagt mang ein arbeidsdag med å lure på om eg verkeleg hugsa å slå av kaffitraktaren.

Eg sluttar aldri å forundre meg over korleis vi er ihopskrudde.

Friluftslova

naustvegg

§ 8. (Bading.)

Enhver har rett til å bade i sjøen eller i vassdrag fra strand i utmark eller fra båt når det skjer i rimelig avstand fra bebodd hus (hytte) og uten utilbørlig fortrengsel eller ulempe for andre.

Reint formelt er det altså i orden.

Det dynamiske omfanget i ein synnavindsmorgon

synnavindsmorgon

Det mørke vert for mørkt og det lyse vert for lyst. Enten misser ein teikningane i det mørke eller leiken i det lyse.  Eg ser attende på dei to siste postane mine og funderer på om  hovudet vårt verkeleg kan handtere dette spennet. Har hjernen vår eit dynamisk omfang som tillet oss å engasjere oss i det forferdelege og samstundes legge merke til og setje pris på det gode ? Og kva skjer med oss om vi prioriterer, med eller utan vitande ? I lengda ?

Eg fekk ei utfordring. Den tok eg.

guteniroyken

I dag vart eg utfordra av forfattaren av bloggen “Mellom himmelen og havet” til å delta i Petunia sin sitatstafett.

Dette biletet tok eg i går kveld  og eg har leita etter eit passande sitat eller ordtak. Eg fann mange, men eg trur at eg vil nytte den biletteksten eg hadde tenkt å nytte i utgangspunktet og vonar eg ikkje vert arrestert.

-Om du vil vite kva det vil seie  ”å vere bergteken”, skal du studere eit barn som leikar med elden.

Eg skjønar at det er meininga at eg skal sende stafettpinnen vidare, men eg håper at det er i orden at eg ser det an litt.

Sola er på motsett side

litenfullmaane

Port-au-Prince – eg kjenner det er mogleg å ha dårleg samvit for å vere takksam for det ein har.

Lenke til:

Røde Kors
Kirkens Nødhjelp

Etter trettandedagen, ti og ein halv månad til helgemesse

julebukk

Når eg då får spørsmål om kvifor eg ikkje er så overbeistra for halloween, så kan eg alltids svare at det er avdi eg likar  julebukkutgåva av borna betre.