Månedarkiv for februar, 2010

Som Oskeladden

rognekrune1

Om vel ei veke har vi den 8. mars, kvinnedagen, og eg er glad eg er mann. Kvifor? No er eg t.d. i ferd med å legg ut eit nytt innlegg her på museet. Desse innlegga vert stort sett til ved at eg har med meg kamera på mi meir og mindre målretta vandring gjennom kvardagen, klipper ut små bitar av det eg støyter på, kjem heim og ropar “Eg fann, eg fann” i det eg trykker “Publiser”. Dette slepp eg altså unna med.

Eg har ein mistanke om at det ikkje hadde vore så enkelt om eg hadde vore dame. Dersom du er dame, bloggar og har nokonlunde bra helse, skal du liksom vere verdsmeister i alt. Du skal vere gourmetkokk, globetrottar, ha grøne fingrar og overstimulerte ungar, alltid ha ryddig kjøkenbenk og ha god greie på musikk og litteratur. Og så må du strikke, hekle, brodere og gimpe. Berre for å nemne noko

Likevel er det nesten berre damer som bloggar.

Vasskraft – vanmakt

kvernhus

Eg står midt i elva. Ikkje mykje å drive kvernkallen med.

Fotobevis

forsomtvedlikehald

Det vert sagt at dei rekordhøge straumprisane her på nordvestlandet mellom anna skuldast manglande kapasitet på overføringslinene.

Raude besøkstal – skal det vere eit eple ?

DSC_0256

Vel optimistisk, kanskje, men la gå

fundament

Vårkjenning

Eg merka våren i dag.
Osane blenkte kring landet.
Millom ljoslegga bjørker
var fura byrja å ande.

Stig, sol, og lokk utfor vegg
kvart frose barn!
Og eg vil gløda i solavlen
kalde jarn.

-Olav H. Hauge

Dette må du berre få med deg om du har høve

Eg var på konsert i går kveld. Ein av dei eg aldri vil gløyme.

Reiseruta deira finn du om du klikkar her: Restar av lukke – Bitar av tru

Når du ropar i skogen, blir det svart

dobbel

Sjølvsagt likar eg John Mayer

Men fyrste gong eg høyrde “Perfecly lonely” byrja eg å grave etter Storyvilleplata mi. Eg fann henne til slutt, på gamal vinyl. Så de får greie dykk med denne perla.  Men kan hende de skjønar kvifor eg automatisk tenkjer Robbie Robertson når eg høyrer Mayer.

Ferskenmorgon, eit kvarter med sol

fesrkensol

Burde sjølvsagt nytta stativ på dette, men då hadde det truleg ikkje blitt noko bilete i det heile.  Eit halvt minutt seinare var det allereie overskya.

Slik går no dagane

noknysnono

I dag gjekk takrasa  óg. Så flisene og vindskeiene fauk.