Månedarkiv for mars, 2010
No har eg målt og målt og får same svaret kvar gong: Denne koppen er tom.
Eg såg Harald Eia & co på Debatten på NRK i går kveld, og ein forferdeleg tanke slo ned i meg: Er det mogleg at elektrikaren sine måleinstrument er fullstendig ueigna til denne oppgåva ?
Basert på denne, og mange liknande erfaringar, vil eg i dag kome med to påstandar:
- Om du tilfører meir enn du forbruker, vil det til slutt renne over.
- Om du forbruker meir enn du tilfører, vil det til slutt bli tomt.
Det er i grunnen ikkje vanskelegare enn det. Og det er vel det som er problemet.
Men no er eg, som de ser, i ferd med å utvikle eit vitskapeleg fundament for desse to påstandane etter denne oppskrifta (henta frå nynorsk Wikipedia):
-Eit matematisk bevis er ein demonstrasjon som syner at ei matematisk utsegn er riktig. Eit bevis er ei logisk påvising, ikkje ei empirisk påvising. Altså må beviset syne at ein hypotese gjeld for alle tilfelle utan noko som helst unntak.
Som de ser av krava til bevis, vil dette arbeidet ta noko tid. Og i mellomtida kan alle trygt oppføre seg som om påstandane mine kun er luftige hypotesar.












Siste kommentarer