Av og til kan ein verte ståande og undrast. Kjem eg, eller går eg, Er eg på veg inn eller ut ?
Månedarkiv for april, 2010
“Regionavisa – Det beste i livet er gratis” skriv dei sjølve om gratisavisa avisa si. Kvar onsdag får eg henne i postkassen, og det første eg les er “frå barnemunn”. I dag kom fylgjande gullkorn:
-Det er mest snille folk, men ein må ha politi viss nokon har ein dårleg dag.
Det beste i livet kan verkeleg vere gratis.
Eg kjøpte ny kompostkvern i går. Ho var enkel å montere og eg var mest ferdig då eg fann dei 4 skruane som skulle nyttast til å feste innføringstrakta. Som de kanskje ser av biletet, var ikkje dette vanlega skruar, Ikkje var det stjerneskruar, ikkje var det umbraco og ikkje var det torx. Eg byrja å leite etter medsendt verkty i emballasjen, men fann ingen ting.
Lunta hadde eg allereie lukta og då eg las siste avsnittet i monteringsvegleiinga, kom stadfestinga. Trakten kan bare monteres hos en forhandler med spesialverktøy, stod det.
Eg må medgje at eii slik kvern er skumle saker. Ho er trass alt konstruert for å male 3-4 cm tjukke greiner til fliser og det skal ikkje mykje katastrofefantasi til for å tenkje seg kva ho kan gjere med ei uforsiktig hand, så eg har full forståing for at ein må legge vekt på å lage slikt utstyr så trygt som råd. Også at produsenten gjer det vanskeleg for oss å fjerne verneutsyr for å gjere arbeidet litt meir lettvint.
Dei nye reglane for kompostkverner har visst kome i stand på bakgrunn av ei tragisk ulukke i Nederlend for eit par år sidan. Det var ei stund aktuellt å forby slike kverner i heile EU og EØS, men desse brysomme skruane er er eit resultat av eit kompromiss som gjer at vi framleis kan male opp hageavfallet vårt på ein enkel måte.
Men der er eit men. For kvar slik sak eg støyter på, får eg ei sterkare kjensle av at vi er på avvegar. At vi er i ferd med å dimensjonere store deler av omgjevnadene våre til “worst case”-scenarioet. At nullvisjonen er i ferd med å ta strupetak på oss. Dette skjer samstundes som at stadig fleire driv med ekstremsport og andre halsbrekkande aktivitetar. Som vi andre likar å fylgje med på frå TV-stolen.













Siste kommentarer