Månedarkiv for mai, 2010

Rett fram og første til høgre

Stor trafikk her  i dag.  Ikkje vanskeleg å forstå. Skorgeura er på sitt aller vakraste no.

Slike dagar er ikkje sjølve Skorgedalen så verst heller.

Over fjorden

Dei har meir kveldssol der borte enn her hjå meg. Det er dei vel unt. Dei betaler ein høg pris i november, desember og januar.

Meir ugras

Det vert sagt at grana ikkje høyrer heime på Vestlandet, ja endåtil at skogreisinga som gjekk føre seg for 50-70 år sidan var rein miljøkriminalitet. Men slikt er lett å gløyme i solnedgangen ein maikveld.

Arild har posta ein kjempefin videosnutt på klippoglim-bloggen sin. Ein å verte glad av. Ha ein fin dag.

Klikk her.

Ikkje alle er like lette å overtyde om at dette er noko å ta bilete av

Og at biletet vart teke der det vart, gjorde ikkje saka betre.

Himmelen kan spegle seg i gjørma

og håpet er lysegrønt

Når spettmeisa har overteke matfatet, vert dei fleste andre tilskodarar

Ooooops, indianarane kjem

Kanskje, om du ser under overflata

- Kobber er et rødlig farget transisjonsmetall. Den karakteristiske fargen kommer av at kobber reflekterer rødt og orange lys og absorberer andre frekvenser i det synlige spekteret, pga dets overflatestruktur.

- Wikipedia

Og i det same høyrde eg gauken