Beint fram

sanking2

Beint fram den rake vegen
til du er blind og blå!
So heitte det ein gong
ein adelsmann skal gå.
Det trur eg no for min part
berre so måteleg på.

Det er det mest karslege,
det skal vera sant,
og høver store heltar,
men ikkje nett ein fant,
som ikkje trur at alt
er plent svore og bant.

Det nyttar ikkje å renna
mot berget, hard og bratt.
Då fær du gå ikring,
og prøva å finna att
den leidi du veik ifrå,
og segja til berget: Statt!

Eg vilde rida glasberg
i blindøygt ofsemod,
men datt nedatt som ein skinnfeld
med dei hine stod og lo.
So tok eg til å krabba
og ta det meir med ro.

Til tronge glipar kjem eg,
til svarte stygge stryk.
Då lyt eg ganga langs med,
og sjå at fuglen fyk.
For bøygjer ein seg ikkje,
so veit ein at ein ryk.

Eg vavrar rundt i ulende
og riv meg sårt til blods
og leitar meg attende,
og det gjeng trått til fots.
So ser eg atter médi,
og eg vert glad til mods.

OLAV H. HAUGE – Glør i oska. 1946

2 tanker om “Beint fram

  1. Elisabeth

    Ah. Så vakkert! Det var nesten en hel liten andakt å sitte her; lese og se det nydelige bildet som minner om varmere dager. Passer fint nå som jeg om en liten time skal kjempe med sterk vind og femten minusgrader på vei til byen og jobb…

    I går føk jeg regelrett av fortauet tre ganger på vei til jobb (med vinden i ryggen), og da jeg skulle hjem var motvinden så sterk at jeg noen ganger måtte snu meg med ryggen mot vindretninga bare for å kunne puste litt fritt noen sekunder. Men du milde hvor GODT det er med ordentlig vinter i stedet for den engelske varianten med 2 plussgrader, grønne plener og regn nesten hver dag. Takke meg til vind og fokk og kulde! Tross alt.

    Men som sagt: NYDELIG bloggpost, simpelthen.

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Takk. Med OHH som hovudingrediens, skal ein vel vere god for å rote det til.

    Trass snømoking og mange kuldegrader om ein annan heile januar, (Den 5. kaldaste månaden som er målt sidan målingane kom i gang) skal eg ikkje klage. Det å få oppleve dagslys kvar dag denne tida veg opp for mange nedfrosne frontruter og mange kilo snø i oppkøyrsla.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *