Ferjer og folk

Eg kjende ein gong
ein liten gut.
Han vart så still
kvar gong vi stod  i ferjekø.

Først mange år seinare
fekk eg vite
at han var redd
ferja ville søkke
om motoren stoppa.

Eg hallar til å tru
at å misse framdrifta
er mindre farleg for ferjer
enn for folk.

2 tanker om “Ferjer og folk

  1. bandanders Innleggsforfatter

    Her er det døgnope heile veka (eller 247, som ein visst skal skrive no for tida).

    Og skulle eg vere ute ein tur når du stikk innom, set eg stor pris på om du legg att beskjed her i resepsjonen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *