Litt meir kjøkkenbenkforsking

Etter mine berekningar er det større førekomst av gran i høgre del av biletet enn i venstre. Spørsmålet mitt vert då: Er kvar enkelt gran i venstre bilethalvdel av den grunn  mindre gran enn granene til høgre ?

6 tanker om “Litt meir kjøkkenbenkforsking

  1. smgj

    Ja, på samme måte som vi blir mindre individuelle/fattigere individer når vi velger å gå i (saue-)flokk. 😉
    Disclaimer: I morgen kan det hende jeg svarer helt annerledes.

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Men no har det seg slik at eg har førstehandskjennskap til kvar einaste gran på biletet. Og når ein kjem innpå dei, ser ein at dei ber dei dei umiskjennelege teikna på «Picea abies» alle saman.

  3. Avil

    Dei ser litt mindre ut.

    Spørsmålet er om dei er i ferd emd å assimilere/akummulere eit eller anna i sine annleis omgjevnader, eller om dei held på målet/skautet/veden.

  4. bandanders Innleggsforfatter

    Svaret på det spørsmålet er vel «ja». Men det å kunne tilpasse seg har vel aldri vore rekna som ein ulempe, i alle høve ikkje evolusjonsmessig. Og då vert utfordringa å tilpasse seg utan å miste seg sjølv.Komfortsonen for dei flesta av oss ligg vel rundt balansepunktet der ein stad.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *