St.meld. nr. 49, Framtidas museum

I stortingsmelding 49 heiter det: –Digitaliseringsinnsatsen på museumsfeltet vil være en del av en samlet digitaliseringsinnsats på kulturarvsfeltet. På digitaliseringsfeltet må det for øvrig høstes ytterligere erfaringer av de prosjektene som er satt i gang. Med utgangspunkt i erfaringskunnskap, analyser av den teknologiske utviklingen og systematiske evalueringer vil departementet mer konkret beskrive de økonomiske behovene i de årlige budsjettproposisjonene. De skisserte tiltakene ellers i meldingen forutsettes dekket innenfor de gjeldende budsjettrammer.

Stortingsmeldingar er alvorlege saker og som alle andre må også stiftinga Norske Bandandersmuseum ta omsyn til desse.  På siste årsmøtet vart det vedteke ein handlingsplan for 2010 og frå denne  kan eg nemne fylgjande tiltak:

  • Auka krav til publisering og kunstnarisk utviklingsarbeid ved tildeling av FoU-tid.
  • Effektiviteten, definert ved  formelen » G*Tb*Sb/Tup» skal auke med 10% i høve til fjoråret

G = Totalt antal gjester
Tb = Gjennomsnittleg tid pr. besøk på  museet
Sb = Gjennomsnittleg  lesne sider pr. besøk
Tuf =  Tidsbruk til utvikling og produksjon

Eg har engasjert konsulentfirmaet Google Analytics til å utarbeide ein halvårsrapport  og denne er langt frå lysteleg lesestoff.  Dersom eg ikkje får opp effektiviteten i andre halvår, kan eg risikere at neste årsmøte vil vedta eit kraftig redusert budsjett for 2011, særleg når det gjeld tidsressurs.

Som ein lekk i den nødvendige snuoperasjonen har eg fått utarbeidd ei enkel brukarundersøking med kun 2 spørsmål.

  1. Bør eg satse på det sikre, representert ved fruktblomstringa nedanfor, eller det meir eksperimentelle, representert ved den litt ville svart/kvitt-konverteringa ?
  2. Bør eg satse på tull og tøys, representert ved denne teksten, eller på alvor, representert ved det du finn mellom linjene ?



Kva slags bilete er det lurt å legge ut dersom ein har som mål å auke effektiviteten ?

2 tanker om “St.meld. nr. 49, Framtidas museum

  1. KEE

    Sats på skikkelige (dvs med gjennomtenkt komposisjon eller spennede tema) bilder, om de nå er S/H eller farger, og fortsett med alvoret mellom linjeje så fortsetter jeg å lese.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *