På teletur

Eg gav meg sjølv ei utfordring i helga og valde å gå på fjelltur med kun telelinse i sekken. Ikkje akkurat utstyrt for vide panorama og oversiktsbilete med andre ord. Og eg fann fort ut at det med slikt sneversyn er vanskeleg å lage seg eit godt bilete av fjellet ein har gjeve seg i kast med, samstundes som det er lett å blåse småtteri i omgjevnadene ut av alle proporsjonar.

«Donninga av Sunnmørsalpane», vert Slogen (1564) kalla. Viser som regel kvassesida på bilete, men har også ei mykje venlegare.

Eg har aldri høyrt at nokon har omtala Kvitegga (1717) i royale ordelag. Fjellet stikk seg ikkje akkurat fram. Men uansett så er dette høgste fjellet i Sunnmørsalpane. Du ser toppen som den høgste snødekte toppen i bakgrunnen.

2 tanker om “På teletur

  1. KEE

    Det blir gjerne litt flatt og livløst når man tar landskapsbilder med tele, noe bildet ditt av Slogen viser. Men bildet av Kvitegga, eller kanskje mest dalen framfor har jo god dybde og komposisjon, og er etter min mening ett mye bedre bilde.

  2. bandandres

    Lærte mykje på denne turen, ja. Ikkje minst at det er vanskeleg å ta bilete av turkameratane med tele på toppen av Slogen. Det er ikkje berre å kommandere «Litt lenger bak».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *