2007

Hugsar du 2007 ? Det var året då Gerd-Liv Valla måtte gå av som LO-leiar, Ban Ki-Moon vart generalsekretær i FN, Odd-Bjørn Hjelmeseth vart verdsmeister på 5-mila og Microsoft lanserte Vista på privatmarknaden. Men hugsar du at i det året var prisen på kveite og mais , mattryggleik og matvareproduksjon førstesidestoff ? Dei siste par åra har det vore stilt. Vi er attende til det normale. Trur vi. Vonar vi. Om vi bryr oss i det heile.
I flaumen av informasjon om det framlagde statsbudsjettet har eg ikkje høyrt eitt ord om landbruk og matproduksjon. I Sverige avviklar dei landbruksdepartementet. Og vi klagar som vanleg over den dyre maten i Norge.
No kan eg lese på e-feedlink.com (ein kinesisk agribusiness-nettstad som presenterer seg slik: News and information that keep you up-to-date on the market and industry developments. Also, receive the latest price information and analyses of key feed commodities, feed additives and livestock products.) It feels like 2007 all over again, with high demand, small harvests and lots of newly printed money floating around.
Det er då eg spør meg sjølv : Lærte vi noko av 2007 i det heile ? Er vi så rike at vi ikkje er nøydde til å ta lærdom av historia eingong ?

2 tanker om “2007

  1. KEE

    Det synes vel heller som om det her er mest om å gjøre å lage europavei og betongparker av det siste vi har igjen av matjord. For /fremskrittets/ skyld, ironisk nok. Det at jorda er produksjonsgrunnlaget for rett så mange bedrifter og gir mat til svært mange fler har tydeligvis ingen verdi i det hele tatt. Kroneverdien i førstehandstap beregnes ikke en gang.

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Ja, eg tykkjer det er ganske beteknande at ein i forslaget til statsbudsjett for 2011 endå ikkje har lukkast å skaffa seg sikre data til det ein kallar berekraftindikator nr. 11 (irreversibel avgang av produktivt areal) 5 år etter at indikatoren vart innført.

    Det er også litt merkeleg å sjå at når det er tale om berekraft, så har landbruket kun ei rolle som verkemiddel i klimapolitikken. Kanskje vert det sett på som arrogant å kople berekraft til utvikling av framtidige livsvilkår for menneske ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *