Apal i snø

APAL I SNØ

Ein apal utfor glaset i låg sol blør,
bøygd ned av snø. Atthangande, skrukka
blad skrøyver munaleg upp hans bør;
i epli som heng att, har fuglar plukka

Han stod i snø i vår, stod søt og ør
i humlesurr og gav og tok av lukka;
og bladi smidde, nøytte alle glør,
til struten kart i lauvet mulen rukka

og vart til eple, kantute og grå.
Dei laga skurv og tege rosor på,
alt med dei rodna under doggi blå.

Dei datt i doggvått gras, og regn og vind
sleit lauvet av han. Av solkraft sogi inn
byggjer han draumar att bak borkgrå kinn.

-Olav H Hauge

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *