Opningstider i jula

Museet er ubetent i jula, men vi let døra stå ulåst slik at alle som ynskjer det kan liste seg ein runde. Vi må diverre redusere temperaturen i lokalet grunna høge straumprisar, så hugs varme kle og gode sko. Gjer vel å sløkke lyset og late att døra etter deg.

Vi ynskjer alle besøkjande ei rettelg god, varm og fredeleg jul.

-styraren

3 tanker om “Opningstider i jula

  1. bandanders Innleggsforfatter

    Takk for besøket begge to.

    Eg ser at det har vore stilt her inne nokre dagar no. Sjølvom eg kan sjå spor etter besøkande (smelta snø ligg i ørsmå dammar på golver innanfor inngangsdøra), var besøket minimalt 1. og 2. dag jul. Det tyder på at eg har lesarar som veit å prioritere og som har viktigare ting å bruke tida på desse dagane. Det tykkjer eg er fint.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *