Tungt først, artig etterpå

Det er kanhende pietisten i meg som slår gjennom, men eg tykkjer det gjev ein ekstra dimensjon til nedfarten når ein har slite seg opp for eigen maskin. Det skulle ikkje meir til enn 250 høgdemeter i 0,5 m pudder med alpinsko og kortski i sekken til for at nedfarten gjennom småskogen heimatt vart ei oppleving å ta med seg. Eg skal garantere at noko tilsvarande i eit alpinanlegg ikkje hadde resultert i noko innlegg på bloggen i alle høve.

Og ein ting til må eg få legge til: Korleis ein får på seg trange, stivfrosne klypesko i 1 m djupsnø er ei skandaløst underkommunisert problemstilling.

2 tanker om “Tungt først, artig etterpå

  1. Rune

    Det er tungt å tasse opp til toppen,men etter en kopp med varm drikke og kanskje en matbit er det bare å glede seg til nedfarten igjen, da er slitet blåst bort og gleden står i sky. Frihetsfølelse å ta turen ned 🙂

    Fortsatt fin romjul til deg.

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Takk likeeins.

    Eg har i fleire år stort sett hatt same forhold til skia mine som til bilen; eg ser på dei som eit nødvendig framkomstmiddel. Men når det gjeld skia, kjenner eg at tilbakefallet startar i første skikkelege unnabakke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *