Sauer,bjøller, kattar og rottefangarar


For ei søye er det å være bjøllesau å vere på toppen av karrierestigen. Verane har sin eigen stige. Toppen av denne er å få bilete av seg i seminverkatalogen, ha ein avlsindeks på over 130 og få genene sine spreidde ut over heile kongeriket.

Det er strenge kriterier ein må fylle for å verte bjøllesau. Søya må være på toppen av det strenge hierarkiet i flokken. Men like viktig er det at flokken som heilskap og ikkje minst bonden har fordelar av at resten av søyene fylgjer bjøllesauen. Vegen frå fjellbeite til fårikålgryta er kort dersom ho ikkje stettar krava.

Googlar du «bjellesau» no for tida, får du mest ingen treff som handlar om firbeinte. Dei aller fleste treffa har med børsen å gjere. Ein bjellesau på børsen er ein som har så mykje pengar at dersom han bestemmer seg for å nytte ein slump av desse til å kjøpe seg opp i eit selskap, vil folk tru at her er det noko stort på gang og kursen vil automatisk stige. Når kursen er på topp, kan så han med bjølla selge unna og tene gode pengar, medan dei som har fylgt etter og er for seine i snuen, taper tilsvarande. Dette er heilt lovleg verksemd, men eg våger å påstå at det å kalle traderen ein bjøllesau, er å misbruke ein heiderstittel.

I børssamanheng ville det vere meir i samsvar med tradisjonane å bytte ut sauen med ein katt. Omgrepet «å henge bjella på katten» er henta frå ein av Æsop sine fablar. Er du i tvil om tydinga, kan du lese fabelen her.

Skal ein halde seg til temaet fablar og eventyr, tilstår eg gjerne at assosiasjonane mine går meir i retning av det skumlaste og dystraste eventyret av alle, det om rottefangaren frå Hameln, når eg les om Vollvik & co sine raid på børsen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *