Nei, ikkje noko nytt bilete i dag heller

Eg hadde nemleg bestemt meg for  å slutte med denne knipsinga i vilden sky.  PC´en min er full av bilete som av ulike årsaker ikkje er brukande til nokon ting og arbeidet med å skilje skit og kanel har fått uante proporsjonar. Å kjøpe seg større harddisk er sjølvsagt ei løysing,  men det vert som å kjøpe seg større teppe når du ikkje greier å feie meir under det gamle. Her skulle det med andre ord kun satsast på det som garantert hadde potensiale til å verte presentabelt.

Og her ser du resultatet.

Men ein kan sjølvsagt ikkje sjå bort frå at manglande bilete og kreativitet også kan skuldast at det er litt vanskeleg å samle tankane om slike trivielle ting for tida. Men i dag er VM i skiskyting over.

3 tanker om “Nei, ikkje noko nytt bilete i dag heller

  1. Elisabeth

    Du kan ikke slutte med bildeknipsinga di. Hva med ekstern harddisk? Easy peasy og billig via nett 😉 Slippe sortering gjør du og…

    (Og her er det hundekjøring som tar all tid; Finnnmarskløpet og Iditarod samtidig, deretter to helger med VM i Norge. Heia Hamar og Kollen!)

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Ingen fare. Her vert det ikkje slutt på noko knipsing. Og ekstern harddisk har eg. Med 30000 bilete på.Pluss backup av alt, sjølvsagt. Det er berre det at eg ikkje har vit til å kaste noko. For kanskje kan eg bruke det til eit eller anna, berre eg får stunder.

    Når det gjeld hundekøyring, må eg seie at dette har blitt favoritt-TV-sport i heimen. Det seier kanskje ikkje så mykje når det kjem frå ein som såg 15 minutt direktesending på TV frå ski-VM i Oslo. Men sendingane frå Finnmarksløpet, dei vert prioriterte. Det lett å skjøne at ein vert hekta på dette.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *