Vermelding for samferdleministeren

Truleg er eg meir enn normalt oppteken av veret og vermeldinga. Dette kan sjølvsagt skuldast at eg er ein bekymra person, men det har også samanheng med at ei dårleg vermeldinga ofte får praktiske konsekvensar. Når metereologen melder sørvest full storm ved Stadt som skal dreie til nordvest i løpet av natta, veit eg at vinden på eit tidspunkt vil kome durande over Eidemsbakkane.Då gjeld det at låvedøra og anna lausøyre er sikra. Når han melder lokalt store nedbørsmengder veit eg av erfaring at eg bør sjekke at bekken ikkje er oppdemd av lauv og greiner og at overvatnet vil renne der det gjer minst skade.

Siste åra har metereologien gjort enorme framsteg. Dette har kosta pengar, men ein vurderer det slik at det å satse på vermeldingstenesta er viktig. Det å handle i samsvar med vermeldinga vert rekna for å vere fornuftig sjølv om varselet stundom slår feil. Skuleturar vert avlyste utan grunn og slåtten vert utsett sjølv om sola skin frå skyfri himmel, men vermeldinga sjekkar eg kvar einaste dag likevel.

Også innanfor mange andre fagfelt skjer det store framskritt. T.d. når det gjeld alternative energikjelder. Mange har innsett at oljen ein dag i nær framtid vert mangelvare. Sverige har laga ein ambisiøs plan om å gjere landet uavhengig av olje innan år 2020. Urealistisk vil nokon hevde, beundringsverdig vil andre seie. Uansett, eit gjennomgåande trekk ved dei alternative energiberarane er at dei i motsetnad til olje er lite eigna til bruk i forbrenningsmotorer i «rå » tilstand. Dei må alle gjennom energikrevjande prosessar for å kunne brukast som drivstoff.

Trass alle framsteg, er det svært lite som tyder på at ein i framtida vil ha same tilgang på rimeleg energi som vi har i dei rike , vestlege landa i dag. Det å prioritere kva vi skal bruke energi på og korleis vi skal bruke han, vert ei stor utfordring og ei politisk belastning for dei som sit med ansvaret.

Eg kan ikkje skjøne anna enn at dette burde få konsekvensar for korleis ein samferdsleminister tenkte. Det å stelle med infrastruktur er langsiktige saker og om ein er ein klok og framsynt minister, vil det kanskje ikkje syne seg før om 15-20 år. Det er då ein burde høyre på vermeldinga og ikkje stole på ønsketenkning. Det er berre så synd at det berre er eit knapt år til kommunevalet.

2 tanker om “Vermelding for samferdleministeren

  1. pegese3

    I dag fekk dei 30,4% tilslutnad i Møre og Romsdal og dette står i partiprogrammet dei går til val på:

    Fremskrittspartiet ser det ikke som noe problem at ikke-fornybare ressurser som olje, gass og kull en gang i fremtiden vil bli oppbrukt. Slike ressurser ble først gjort verdifulle som følge av den teknologiske utviklingen, og de vil høyst sannsynlig bli gjort verdiløse igjen av den samme teknologiske utviklingen. Det er knappheten på en naturressurs som driver prisen i været, derfor vil vi tjene på å utvikle ny teknologi som ikke er avhengig av de naturressursene som er blitt kostbare mangelvarer. Det bør derfor i stor grad overlates til det frie marked å bestemme hvor stor mengde som skal utvinnes av ikke-fornybare naturressurser.

    Det vert ikkje lett å drive valkamp og samstundes ta «vermeldinga» på alvor. Eg får vone eg undervurderer veljarane.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *