Ein ting eg har lurt litt på..

det er om Finn Kalvik eigentleg veit kva slags øy han  lovprisar  når han syng «Sommerøya» med tekst av Inger Hagerup.

Men vet du hva det beste er?
Jo, hele øya er full av
svarte,
søte,
store,
bjørnebær!

«Ingen lekser»; heilt greitt. «Ingen klær»; ikkje fullt så greitt. Og det seier eg ikkje som den pietisten eg er, men av reint praktiske omsyn. «Ingen roser uten torner» er eit ordtak som i høgste grad gjeld bjørnebær. Når ein også tek omsyn til at bjørnebærplanten er mellom dei raskast veksande staudene vi har og ikkje minst at bjørnebæra stort sett vert modne etter at skuleferien er over, ser eg ikkje føre meg at det akkurat er eit himmelrike som vert omtala. Snarare tvert i mot.

Kvifor eg er så grinete i dag ? Det må vere veret (sjølv om eg ute på internett ein stad har lagt att ein kommnetar som går på at veret er ein bagatell som ein ikkje må late vere til hinder for å nyte dagane)

3 tanker om “Ein ting eg har lurt litt på..

  1. kee

    Bjørnebær er vel den eneste ikkekjøttetende planten som aktivt forsøker å fange deg… Nå fikk jeg lyst på, forresten. Lenge til slutten av august.

  2. bandanders

    Det med «ikkekjøttetende» trur eg berre måteleg på ;). Elles så får vi håpe på at ikkje bæra regnar eller frys vekk. Eg er nemleg så heldig å kjenne ei (svært godt) som har tolmod til både å plukke og sylte og det er lite som er betre enn ferske, litt godt steikte vafler med rømme og heimelaga bjørnebærsylte.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *