Pragmatikarar og glasgopler

Kva tenkjer du på når du les ordet «pragmatisk» ? Ser du føre deg ein person med ryggrad som ei glasgople ( eller glassmanet om du vil) ? Då er du truleg ikkje åleine. Eg har inntrykk av pragmatikarane mellom oss slit med eit dårleg rykte. Er så dette fortent eller ufortenet? Vi kan byrje med å sjekke kva ordboka seier.

pragma´tisk adj.
klok, innsiktsfull
allmennyttig
praktisk, formålstjenlig
som gjelder statssaker
som gjelder handlingers og begivenheters indre sammenheng
i uttr. pragmatisk historieskrivning historieskrivning som prøver å klarlegge historiske hendelsers årsaker og virkninger og av det trekker lærdommer for fremtiden

Kva er så det motsette av å vere pragmatisk ? Er det å være prinsipiell ? Vi kan sjekke ordboka ein gong til.

prinsipie´ll adj. lat.
som er i samsvar med prinsipper
som angår kjernen i en sak, som bygger på grunnsetninger, grunnvesentlig

Ser du nokon motsetnad her? Etter mitt vit er det ikkje eit enten eller her, men eit både og.

Eit lite praktisk eksempel:

Eg kjenner folk som meiner at når du tenner bål, skal det skje med kun ein fyrstikk og utan papir. Tennbrikettar, rødsprit og liknande kjem sjølvsagt ikkje på tale. Lat oss no tenke oss at du er ute på tur ein råkald vinterdag, langt frå folk. Du er gjennomblaut og kjenner at frosten er ferd med å få overtaket. Ei krasafaren steinbu, som Hellbillies syng om, vert redninga di og til di store glede ser du at der ligg ved i peisen. I vedkassen finn du ei nesten tom fyrstikkøskje, ein gammal Sunnmørspost og eit par tennbrikettar. Kva gjer du ?

Svaret skulle vel gi seg sjølv. Men gjer dette deg til ein dårlegare person ? Sjølvsagt ikkje. Du har rett nok vore pragmatikar, men du har også handla i samsvar med meir overordna prinsipp.

Som menneske er vi utstyrte med grov- og finmotorikk. Eg ser føre meg at grovmotorikken kan stå som bilete på prinsippryttaren og at pragmatikaren i oss står for finmotorikken.

På same måte ser eg føre meg at eit demokrati burde fungere (no må du ikkje gløyme definisjonane frå ordboka ). Det er derimot duka for store vanskar dersom ein på høgste hald t.d. ikkje kan skilje mellom prinsipp og forretningside.

Eit lite døme vil kanskje syne deg kvar eg vil:

Økologi er eit trendy ord og økologisering av landbruket er ein av strategiane styresmaktene vil nytte for å halde liv i næringa. Dette er vel og bra, men kva når ein som økologisk mjølkebonde må auke dieselforbruket sitt med 50% og kjøpe større, tyngre traktor og reiskap for å overleve ? Berre for å kompensere for avlingstapet han opplever ved omlegginga. (Han må auke arealet). Det er då det vert konflikt mellom prinsipp og pragmatisme. Men når no superkjendisane et økologisk og startar økologiske restaurantar opp og nedføre, er det sikkert ein brukande forretningside. På kort sikt altså. Men eg kan ikkje skjøne anna enn at det må vere vondt for ein ekte økolog å vere med på.

2 tanker om “Pragmatikarar og glasgopler

  1. Per Kristian

    Kva hadde du gjort om det berre var ein fyrstikk i den krasafarne steinbua di, og du aldri hadde trent på å tenne opp bål utan raudsprit, sunnmørspostar og tennbrikettar? Då tenkjer eg at frosten hadde teke overtaket fullstendig. Dette har eg sagt før, og no har eg jammen sagt det igjen. Det har nok prinsipielle årsaker, skal du sjå.

  2. pegese3

    Akkurat. Ein lærer seg prinsippa som gjeld for å gjere opp eld under vanskelge tilhøve. Og så nyttar ein dei metodene som gagnar best ein når det dreg seg til. Altså: Ingen motsenad mellom prinsipp og pragmatisme.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *