Komfortsone, flytsone, kall det kva du vil

Ei av dei som miste livet på Utøya kom frå kommunen min. Ho hadde eit Mahatma Gandhi-sitat som livsmotto; «be the change you want to see in the world». På norsk skulle det verte noko slikt som «ver sjølv den endringa du vil sjå i verda».

I Olav H. Hauge sitt kanskje mest kjende dikt «Det er den draumen» heiter det.

Det er den draumen
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.

Og eg har tenkt. Tenkt at det er i spennet mellom desse to vi lever liva våre.

2 tanker om “Komfortsone, flytsone, kall det kva du vil

  1. Avil

    Ein gong rodde eg inn i mellom nokre øyar. Innom øyane opna det seg ein smal våg, langt innetter. Utanfor var det ruskever og bølgjer. Der inne var det grått og grønt og smult vatn. Heilt stilt.

    Då tenkte eg at eg kunne ønske det var slik å døy.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *