Ingen grenser, eit freakshow ?

Forundra , det er det eg er.  Ingen  skulle tru at Berit Vegheim, dagleg leiar i Stopp Diskrimineringen og eg har sett same TV-programma.  Å lese  kronikken hennar i Aftenposten i dag  gav meg rett og slett bakoversveis og  innhaldet har invadert  tankane mine i heile dag. No må eg  prøve å setje ord  på dette for  å skape ørlite orden oppe i hovudet mitt.

Til liks med fleire hundre tusen nordmenn har eg sete klistra til TV-skjermen fleire  søndagskveldar på rad. Og så seier ho at det som har engasjert  og  gleda oss ikkje er anna enn eit godt gammaldags freakshow.

Det eg har sett har vore elleve ulike menneske som har sett seg eit utenkjeleg og urealistisk høgt mål; at alle  skulle vere med heile vegen frå Femunsdmarka og  fram til toppen av Snøhetta.  Vi fekk sjå deltakarane  støtte og oppmuntre kvarandre, eit unikt  samarbeide der dei utnytta alle tiigjengelege menneskelege ressursar. Vi fekk sjå eit lag som var i stand til å utrette mykje meir  enn summen av det deltakarane kunne utrette kvar for seg. Vi fekk oppleve gleda deira over  å lukkast.

At deltakarane hadde tydelege fysiske funksjonshemmingar, gjorde det berre tydelegare for oss kor store hindringar dei måtte overvinne. Eg kjenner at eg vert opprørt  når det vert hevda at eg har lete meg underhalde av eit freakshow, når det eg har sett er enkeltmenneske som har imponert meg stort og som eg på mange måtar ser opp til.

Vi har  alle våre hemmingar og svake sider, synlege og usynlege.  Det kan vere vanlege ting som endringsfrykt, tungsinn, dårleg  sjølvkjensle, katastrofefantasiar, tiltaksløyse, negativisme  og ansvarsfråskriving.  I samanlikning små hindringar, men store nok til at dei hindrar oss i å nå våre mål og  realisere draumane våre.

Når Vegheim hevdar at programkonsept som Ingen Grenser ikkje er laga for å fremje interessene til dei funksjonshemma, så er det mogleg ho har  rett i det. Men kva så ? Eg er ikkje i stand til å sjå  at det er gale at ei gruppe menneske som har til felles at dei slit med ulike fysiske funksjonshemmingar lærer oss alle at vi kan  meistre meir enn vi trur  og om kva opplevinga av å meistre gjer med oss.

Vegheim kan umogleg meine at folk med funksjnsnedsetjingar kun skal vere framme i media dersom det er ein del av likestillingskampen deira. Det vert mest som å seie at afroamerikanarar ikkje bør vere med i filmar som ikkje er eit innlegg i deira kamp for likestilling.

Til slutt vil eg nemne at den kommentaren eg har høyrt oftast etter desse programma er at vi jammen ikkje har mykje å klage over. Og  er det så gale om tusenvis av nordmenn syt mindre og er meir takksame ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *