Truleg ikkje i samsvar med eit einaste EU-direktiv

Denne gråoren er truleg ikkje i samsvar med sine eigne gener eingong. Ein sann anarkist, eller eit offer for ver, vind, trasige mikroorganismer og uheldig kjemi ? Jammen ikkje godt å seie.

«Levd liv», er ord ein nyttar når ein vil romantisere over slike vanlagnader. Eg har eit litt ambivalent tilhøve til dette omgrepet. Av og til ser eg meg sjølv trygt plassert på tribunene på Colluseum, medan desse som «lever liva sine» kjempar som gladiatorar på arenaen. Oppgåva deira er å stette mitt behov for drama og tragedie i ein trygg kvardag.

3 tanker om “Truleg ikkje i samsvar med eit einaste EU-direktiv

  1. bandanders Innleggsforfatter

    Eg ser så lite på tvnorge at eg trur det skal gå bra uansett. Men takk for åtvaringa 😉

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *