Emergianalyse på vedaskogen

Hogg veden sjølv, så varmar han deg to gonger, heiter det i eit gammalt ordtak. Når du tenkjer på alle arbeidsoperasjonane som skal til, kan ein trygt seie at dei ikkje overdreiv, dei gamle. Først skal treet samle solenergi i fleire år og gjere denne om til tre. Så skal treet fellast (den mest morosame delen), kvistast, kappast i passande strangar, dragast i hop, kappast i kubbar, kløyvast, transporterast i hus og ”lødast i lad”. Målet er at så mykje som mogleg at den lagra solenergien kan omformast til varme i stova heime.

Det skulle ikkje vere så vanskeleg å innsjå at alle mellomledda ”stel” av lasset. I gamle dagar, då arbeidet vart utført med muskelkraft, kom energien til dette arbeidet frå sild, poteter, vassgraut og eventuellt litt høy og havre til hesten. Fornybar energi med andre ord. I vår tid er det bensin til motorsaga og diesel til traktoren som er innsatsfaktorane det vil seie ”ikkje fornybare energikjelder”. Veden min vil dermed kome dårlegare ut i ein emergianalyse (det er det det heiter) enn veden oldefar min fyrte med.

Alt dette skulle vere temmeleg enkelt å skjøne. Det eg derimot ikkje skjønar i det heile, er at det er stovereint å sjå fullstendig bort frå desse enkle sanningane når ein vel å satse store summar på å finne framtida sine energiberarar.

Sola er med få unntak; tidevatn og havstraumar, den einaste kjelda til fornybar energi, direkte og indirekte. (Kanskje er dette også litt upresist i og med at sola er ein diger fusjonsreaktor som forsyner oss med energi ved å slanke seg) Men når det gjeld presisjonivå er eg langt frå åleine med forbetringspotensiale i denne saka.

Vedhogst kan nyttast til å belyse fleire sider ved dette emnet. Kan hende vil eg kome attende til dette i eit seinare innlegg. Men først må eg få i hus veden min. Han taper seg nemleg litt for kvar regnbyge slik han ligg no.

Vil du lære meir om emergianalyse finn du meir om det her: Trykk her.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *