Midt i straumen

Me legg bekken i røyr

No, gamle bekk,
lyt du i røyr
og renna til fjords
i ein einaste køyr,
du fær ikkje lenger
klukka ned teigen,
kroka og svinga
og tru at du eig’n;
Du fær ikkje lenger
breida deg ut
og kvila i hyljar
og fossa i sprut,
gå under jord når
du finn det for godt
so dukka fram att
og hukra ei nott –
du fær ikkje lenger
fila ditt skarv
– uslipte nakkar
ligg att der du kvarv -,
du fær ikkje bera
rusk på rygg,
stå og diga i myri
og ala på mygg,
du fær ikkje frjosa
til iskul og svull
og drøymande innunder
syngja din sull,
du fær ikkje kjæla
ungar um fot,
gje drikke til fuglar
og tyrstande rot.
Knurr ikkje,
ta ikkje til ords,
no, gamle bekk,
skal du beint til fjords.

Eg sit her og røykjer
med tankane svive,
um bekken og livet.
Og livet og bekken
vind seg i hop
gjenom sukkande tid
med leiking i lid,
med gråt, med rop.
Bekken er komen
i røyr av sement.
Livet skal etter.
Beint. Plent.
Ingen fær rusla
på eiga hand lenger
og tru ei forunderleg verd
er hans.
Nei, greidt skal det skura
frå vogge til grav.
Til du er komen
som bekken
i hav.

Olav H. Hauge (1961)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *