Stjernesalen

Stjernesalen – eit ord som får deg til å tenkje på salane i Louvre og Vinterpalasset. Men Haugsholmen i Sande har og sin Stjernesal. Eit lite loftsrom med korte køyesenger langs veggene og der lyset kun slepp inn gjennom to små takvindauge. Her overnatta fiskarar i farne tider. Her kunne dei ligge og høyre på uveret rase og anke på vegn og dei heime. Men når vinden dreia på nord og reiv hol i skyene, kunne dei kike opp på stjernene som er dei same for alle. Enten du ligg i ei råkald køyeseng på Haugsholmen eller i ei silkeseng i Louvre.

2 tanker om “Stjernesalen

  1. bandanders Innleggsforfatter

    Takk. Haugsholmen er ein flott plass. Eit gamalt handelssentrum på Søre Sunnmøre med Stadtlandet som ein av næraste naboane. Vert nok ikkje siste bloggposten derifrå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *