Danny, fasanjakta og billege poeng i valkampen

I boka si ”Danny og den store fasanjakten” skriv Roald Dahl om Danny og far hans som på finurleg vis bergar fasanane på eit britisk storgods frå den årlege massakren, iscenesett og utført av godseigaren og ein snobbete venekrins. All sympatien vår plasserer Roald Dahl sjølvsagt (og umerkande) hjå Danny, far hans og ikkje minst fasanane.

Kva har så dei halvtamme fasanane på eit britisk gods med norsk valkamp å gjere ? Ganske mykje skulle det vise seg.

For nokre dagar sidan kunne ein ein lese på e24.no:

85% skadelig skatt

I ei tid der det vert stilt spørmål ved leseforståinga til det norske folket, fell det meg lett å vedgå at eg hadde store problem med å skjøne kva overskrifta skulle tyde. Ut frå innhaldet i innlegga i kommentarfeltet til artikkelen er eg viss på at eg ikkje er åleine om det.

Etter å ha lese gjennom artikkelen ( og henta supplerande opplysningar andre stader), fann eg ut at bakgrunnen for den fantastiske overskrifta var at representanten Gjermund Hagesæter, finanspolitisk talsmann for frp, hadde fått finansminister Kristin Halvorsen til å vedgå at mesteparten av pengane vi betaler i skatt ikkje vert optimalt forvalta. Så mykje som 20% forvinn på vegen.

Dette er gammalt nytt. Det burde det i alle høve vere det for ein stortingsrepresentant. Emnet er grundig behandla i fleire offentlege dokument, og i NOU 2000:8 står det t.d.:

De fleste former for skatter som benyttes i praksis er vridende skatter. Slike vridende skatter skaper et effektivitetstap ved at skatten fører til at den privatøkonomisk tilpasningen etter skatt avviker fra hva som gir samfunnsøkonomisk effektivitet. De viktigste hovedformer for vridningseffekter knyttet til skattesystemet er:

Arbeidsbeslutningen: avveiningen mellom arbeid og fritid påvirkes
Sparebeslutningen: avveiningen mellom forbruk i dag og forbruk i morgen påvirkes
Porteføljevalget: fordelingen av sparing på ulike former for investering påvirkes
Forbrukssammensetningen: avveiningen mellom ulike forbruksgoder påvirkes


Fra et effektivitetsmessig perspektiv er det gunstigst å benytte effektivitetsfremmende og nøytrale skatter. I en stor velferdsstat som Norge er det i praksis vanskelig å tenke seg at slike skatter kan gi et tilstrekkelig skatteproveny til å finansiere det ønskede nivået på offentlig konsum, investeringer og overføringer. Bruk av vridende skatter med tilhørende effektivitetstap er dermed nødvendig.

Du finn meir her

System med 100% verknadsgrad er mangelvare i den verkelege verda og velferdspolitikk er ikkje noko unntak. Men skal ein setje ting litt på spissen, så vonar eg at vanlege folk vil vere samd med meg i at 800000 kroner til helsetenester eller utdanning kan vere eit godt byte mot å legge 1 million ekstra i ein Ferrari.

Den 17. mai feira vi grunnlov, fridom og demokrati og vi har nytta dei demokratiske rettane våre til å bestemme at alle skal ha rett til m.a. helsetenester, utdanning, alderspensjon og sosialt tryggingsnett. Utan budsjett er desse rettane ingenting verde. Eg skjønar ikkje kva alternativet til skattar og avgifter skulle vere. Oljepengane kanskje ?

Nei, her er nok representanten for vanlege folk på fasanjakt saman med fiffen og av alle former for jakt, meiner eg at jakt på husdyr for moro skuld er av det mest usympatiske slaget.

At media i det heile let seg nytte til dette iscenesette stemmefisket etter oppdrettsfisk i sjølvrørt vatn finn eg ganske utruleg. Nei, lat oss heie på Danny og på den måten tvinge politikarane ut på skikkeleg, ærleg stemmejakt i tida fram mot valet. Det skulle ikkje vere mangel på jaktterreng, men finskorne er kanhende lite høveleg fotty.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *