Blogg er ute. Fint der

DSC_0661-2

I 2007 la eg ut mitt første blogginnlegg. Det var den gongen då, trudde eg i alle fall, at det skulle vere eit teikn på at eg fylgde litt med i tida.

No, 7 år etter har eg framleis bloggen oppe. Eg oppdaterer ikkje så ofte lenger og ikkje meiner eg så mykje heller. Men eg betaler for webhotellet kvart år og ser gjennom spamkommentarane (294 sist veke) før eg slettar dei. Det har hendt ein gong at eg har funne ein «skikkeleg» kommnentar klemt inn mellom kyrilliske teikn, reklame for eskortedamer og tvilsam farmasi. Akkurat den dagen var det som å finne gull. Merkeleg i grunnen, når ein tenkjen på korleis facebook og andre sosiale media har gjordt oss til feedbackjunkiar heile gjengen.

Det er likevel noko eige med det; når nokon vitjar deg på bloggen din, har dei faktisk gjordt noko aktivt for å besøke nettopp deg. Og når dei så gjev uttrykk for at dei har likt seg , er det litt som om ein ven takkar for laget i gangdøra og «det har vore ein fin kveld»

Umerkande har bloggen blitt eit av dei mange motstraumsprosjekta mine. Eg har tenkt litt over akkurat det og kome fram til at det kanskje ikkje er så dumt. Når ein arbeider motstrauums, har ein styrefart sjølv om ein ikkje flyttar seg så fort. Om ein arbeider medstraums, må ein ha mykje større fart for å kunne styre og då vert smellen om du likevel skulle treffe ein stein så mykje hardare.

4 tanker om “Blogg er ute. Fint der

  1. Elisabeth

    Jeg blir glad for hver lille dråpe som kommer i bloggen din, for det dèt måtte være verdt. Jeg har også lest blogger siden 2007, tror jeg, men allerede i … 1997?… begynte jeg å lese ‘hjemmesider’ som tidvis var formet som dagbøker, og på sett og vis forløpere for dagens blogger. Det er pussig å ha vært med på hele den prosessen; det er sjelden jeg tenker over det. Men du fikk meg til å tenke på det nå.

    Jeg håper du fortsetter å dryppe litt ord og bilder her innimellom!

  2. bandanders Innleggsforfatter

    No har eg betalt for domene og webhotell for eit år til. Tilbakemeldingane frå deg og ein uhøgtideelg avtale mellom meg og Krstine http://haustljos.wordpress.com er ein stor del av årsaka til det. Eg håper at du held ut du også.

  3. Elisabeth

    Jeg holder ut. Noen blogger er som gamle venner som bor et annet sted; man trenger ikke ses hver dag, men så snart man møtes, er den gamle tonen der igjen. Det ligner på en form for kjærlighet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *