Er vi i ferd med å setje oss sjølve på gangen?

Siv og Jens er samde om minst ein ting og det er at kutta i CO2-utslepp bør takast i utlandet. Vi står her i landet for kun 2‰ av verda sitt utslepp av klimagassar og det verkar temmeleg innlysande når dei då hevdar at kutta bør takast der det verkeleg monnar. Men lat oss snu litt på det enkle reknestykket:

I Noreg bur under 1‰ av menneska på jorda. Enkel matematikk tilseier då at kvar av oss slepp ut meir enn dobbelt så mykje som gjennomsnittet av jordbuarane. Er det då nokon logikk i at ein auke i dette misforholdet skal vere eit bidrag i rett retning?

Eit anna spørsmål er korleis kutta ute skjer. Ligg det eigentleg nokon reell gevinst i å legge om eit område frå småskala sjølvbergingsjordbruk til store monokulturar med råstoff til biodivstoff ? Over store deler av verda opplever det tradisjonelle jordbruket eit aukande press frå kommersielle krefter. Det seier seg sjølv at det å late folk halde fram som før ikkje representerer noko kutt i utsleppa. Det må ei endring til, og denne endringa må vere finansiert av oss som kjøper CO2-kvote dersom det skal telje. Men har vi nokon garanti for at omlegginga verkeleg vil bidra til å snu utviklinga ? Bortsett frå på papiret altså ?

Yara har sett inn ei 2-siders annonse i Dagens Næringsliv i dag. Der skriv dei:

”Hvis forbruket av fossilt brensel fortsetter i samme tempo som i dag, risikerer vi at olje og gassforekomstene tømmes innen 50 år og at vi går tom for kull i løpet av noen generasjoner”.

Denne innsikta er med andre ord ikkje lenger reservert for ekstremistane.

No er det ein gong slik at mesteparten av det menneskeskapte CO2-utsleppet kjem frå forbrenning av olje, gass og kol. Samstundes er det altså stor politisk oppslutning her i landet om at vi skal nytte store deler av oljeinntektene våre til investeringar i utlandet med udokumentret miljøgevinst og vi unnlet dermed å gjere innanlands investeringar som set oss i stand til å greie oss ”post carbon”.

På seinsommaren i år forsvann 300 milliardar kroner på Oslo Børs i løpet av 3 veker. Til samanlikning er pensjonsfondet på 3000 milliadar. Eg seier ikkje at 10% av sparpengane våre forvann i løpet av desse vekene, men det burde fortelje oss noko om kor sikkert oljeformuen er plassert.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *