Kanskje Jens burde ta seg ein prat med Kalle

Biletet av Kalle Moene er det Ola Sæther som har teke og ligg i biletbasen til Uio

I veska mi har eg eit ark som eg reiv ut av Dagens Næringsliv si laurdagsutgåve den 24. Mars i år. Side 3 inneheld ein kronikk av Kalle Moene med overskrifta ”Virkemiddelradikalerne”, skriven i høve SV sitt landsmøte.

Moene hevdar at kjenneteiknet på ein verkemiddelradikalar er at han har slutta å argumentere for kvifor tiltaka han kjempar for er best for målgruppa. Dette i motsetnad til ein verkeleg radikalar som argumenterer for kva verkemiddel som best tener interessene til den gruppa han sympatiserer med.

Kronikken tek utgangspunkt i økonomisk politikk og sosialpolitikk, men mykje av det det økonomiprofessoren skriv kan lett overførast til andre samfunnsområde og eg har teke vare på artikkelen mest for å minne meg sjølv på å stille meg fylgjande spørmål kvar gong eg meiner å ha sett lyset: ”Er det verkemiddelradikalaren i meg som talar no ?” Ikkje det at eg trur han nokon gong vil få vite det, men Kalle Moene, professor ved Økonomisk institutt, Universitetet i Oslo , har faktisk gjeve meg ein ny hobby. Eg er nok langt frå den einaste som driv med dette, men eg meiner å ha sett mange døme på at det vert lenger mellom oss di høgare opp i det politiske systemet ein kjem.

Så når Jens Stoltenberg går på talarstolen på Bali og til stor jubel proklamerer at Noreg vil løyve 3 milliardar i året til vern av regnskogen med argumentet. ”Det å la være å hogge skog er kjent teknologi (imotsetning til fangst og deponering av CO2 ?),tenkjer eg med meg sjølv at no burde Jens ha teke seg ein alvorsprat med Kalle Moene. Det hadde kanskje vore best å ha gode prosjekt først og så løyve pengane. Men 3 milliardar har ein fantastisk symbolverdi då. Og no er det for seint. Skal ein tru på Rune Likvern i Energikrisa, og det fryktar eg at ein bør, er det dessutan mest det same kva vindauge vi kastar oljepengane våre ut av.

Elles så skulle eg meine at det å late vere å hogge skog er kjend teknologi. Det er berre å halle seg attpå sofaen i staden for å sele på seg vernebuksa og ta seg ein tur på vedaskogen det. Men eg får då ikkje betalt for det. I allefall ikkje endå. Men slik som det har regna i haust er det kanskje håp om det også. No.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *