Eg ynskjer «å gjøre en forskjell», Siv

Demokrati-indeksen (engelsk: Democracy Index) er ein indeks rangert av Economist Intelligence Unit som måler graden av demokrati i 167 land. I fylgje denne lever vi i det mest demokratiske landet i verda. Sjølv folk flest ser nok dette som eit gode og ynskjer det skal halde fram slik.

Men  demokratiet har sine ulemper. Desse vert særleg tydelege når ein er veslebror i ei mindretalsregjering og har lova veljarane sine både det eine og andre. Alt vert så tungrodd når ein er nøydd til å søke Stortinget si velsigning for det minste sprell. Godt då at det finst omvegar. Det gjeld berre å ta på seg dei mjukaste filttøflene som er å oppdrive og liste seg forbi Stortinget og inn i forskriftstrykkeriet så umerka som råd. Men dei har ikkje lurt Hege Ulstein som kjenner lusa på gangen og skriv eit svært lesverdig innlegg om denne omgåingstaktikken i Dagsavisen

Eg er nok langt frå den einaste som føler at dette skaper  større avstand mellom den praktiske politikken og folkeviljen og kan ikkje med min beste vilje sjå at dette ikkje svekker demokratiet. Det gjev  i alle fall meg kjensla av at stemmesetelen eg legg i valurna vert devaluert. Demokratiet er avhengig av at vanlege folk som meg nyttar røysteeretten vår. Og dette vert avgjordt på det kjenslemessige planet. Skal ein oppretthalde høg valdeltaking, må vi føle at det å røyste betyr noko, eller «gjør en forskjell» som statsministeren vår seier.

Då er det bra vi har ei fri presse, ytringsfridom og sosiale media. I romjula høyrde eg eit intervju med Susanne Kaluza i Kveldsåpent på NRK p1. Ho meinte at sosiale media «demokratiserte demokratiet» og at resultatet etter reservasjonsdebatten som raste i fjor, der Susanne Kaluza var av dei som stod høgast på barrikadene, var eit prov på nettop det. Ja, gjev det var så vel.

Ein fin ting med demokratiet er at eg ein dag kvart 4. år føler meg like betydningsfull som Are Kalvø, John  Fredriksen, Jonas Gahr Støre og endåtil Trygve Hegnar. Meir enn kongen faktisk, for han har ikkje røysterett. Slik er det ikkje med sosiale media, Der er det nettverk, status og retoriske evner som tel. Om det var slik at eigenskapar som innsikt, visdom, empati, rettferdssans  og toleranse var  fordelt etter same fordelingsnøkkel som  gjennomslagskraft,  hadde det endå vore so, men ting tyder på at det langt frå alltid er slik.

Eg er sikkert naiv, men eg innbiller meg faktisk at det beste vi kan gjere for demokratiet er å halde oss med politikarar som respekterer demokratiet sine spelereglar både i ånd og bokstav og  let vere å røyste på  dei som har synt at dei manipulerer fram viljen sin ved å leite etter smutthol og  omvegar så snart dei får høve til det. Her har sosiale medier ei viktig oppgåve, men som erstatning for eit uthola demokrati har facebook- og kronikrati  store manglar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *