37 millionar måltid om dagen vs sjølvforsyning på knapt 50%

Norsk sjømatindustri eksporterer 37 millionar måltid om dagen. Dette er eit imponerande tal og det er eit resultat av at sjømatnæringa er den nest største eksportnæringa i Noreg. I fjor eksporterte dei 2,7 milliardar kilo sjømat til ein verdi av nærare 70 milliardar kroner. Men, for min del er der eit lite men. Eller rettare sagt to.

For det første gjeld det måten dette talet har vore brukt på i mange samanhengar, til dømes no under dei siste jordbruksforhandlingane. Bøndene hevdar at ein høg sjølvforsyningsgrad av jordbruksvarer produsert på grunnlag av norske ressursar er viktig med omsyn på mattryggleiken. Samstundes vert «37 millionar måltid pr. dag», dette svimlande talet, nytta for å svekke (og til dels latterleggjere) bøndene sine argument. Det vert hevda at det bidraget norsk jordbruk gjev for å fø verda er forsvinnande lite, samanlikna med sjømatnæringa sitt.

For det andre, korleis kjem ein fram til dette talet: 37 millionar måltid om dagen? Ein kunne kanskje tenke seg at det låg kompliserte analysar og reknestykke bak, men svaret er latterleg enkelt. Ein tek berre bruttovekta av all årleg eksport av sjømat, deler det opp i bitar på 200 gram og fordeler desse bitane ut over 365 dagar. Så endar ein opp med 37 millionar bitar om dagen. Kva bitane inneheld og om alt er folkemat, vert det ikkje sagt noko om.

Så kan ein spørje seg: kor mange menneske kan norsk sjømateksport fø? Det er sjølvsagt ikkje enkelt å rekne ut dette nøyaktig, men legg ein seg på same presisjonsnivået som er nytta for å kome fram til sjølvaste honnørtalet, er det ikkje så vanskeleg.

Om ein er litt raus, kan ein gå ut frå at gjennomsnittleg energiinnhald i den eksporterte sjømaten er 1500 kcal/kg. Så kan ein gå ut frå at kaloribehovet til eit menneske er 1800 kcal om dagen. Då vil ein ende opp med at 37 millionar bitar a 200g inneheld dagsbehovet med energi til vel 6 millionar menneske.

Om lag 1 milliard kilo, vel 1/3 av eksporten er laks og aure. Ein stadig større del av menyen til oppdrettsfisken er vegetabilsk føde, om lag 70% i fylgje laksenæringa sjølv. Mykje av dette er importert soya og rapsolje.

Summerer ein opp alt dette, kjem ein fram til at norsk sjømateksport netto forsyner verda med mat som stettar energibehovet til om lag 5 millionar menneske.

Held ein så 40-50% sjølvforsyning av 5 millionar innbyggarar, som er bøndene sitt tal, opp mot 37 millionar måltid om dagen, som er sjømatnæringa sitt tal, kan ein få inntrykk av at bøndene sitt bidrag er eit musepiss i havet. Men nyttar ein samanliknbare storleikar og inkluderer den delen av sjømatnæringa sin produksjon som går til innanlands forbruk, om lag 1/6, ser ein at sjømatnæringa haustar og produserer vel dobbelt så mykje mat som bøndene.

Spørsmålet er berre kva ein ynskjer å kommunisere.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *