Follow the money, følg med på kva Sir Richard Branson gjer

Sir Richard Branson er ein luring. Men han er ein luring som mellom anna eig 51% i eit flyselskap. Virgin Atlantic er det nest største flyselskapet i Storbritannia med internasjonale ruter.

Selskapet hans, Virgin, har også oppretta insvesteringsfondet Virgin Green Fund med motto ”Cooling global warming” som mellom anna har investert stort i fornybar energi.
Branson har denne månaden i eit intervju med Global Public Media sagt at vi truleg vil oppleve Peak Oil innan 2014 og at det globale behovet for drivstoff vil overstige produksjonen innan 3-4 år. Kanskje inga oppsiktsvekkande utsegn i seg sjølv, men når ho kjem frå ein mann som multimilliardæren Branson, er ho verd å merke seg.

Kva gjer så ein mann i hans situasjon med denne innsikta ? For to år sidan var han ein ihuga talsmann for bioetanol. Men som sagt, Branson er ein luring og han har allereie gått ut og vedgått at det å produsere bioetanol av mat er eit stort feilgrep. Så det som skjer er at han skranglar i hop biodrivstoff produsert av nøtter frå viltveksane babassu- og cokospalmer, tankar opp ein jumbojet med 5% av dette (D.v.s. at den eine av fire motorar gjekk på ei 20% blanding) og i førre veke flaug dei så frå London til Amsterdam. Snakk om PR-stunt. Alle er nøgde. Sir Richard vedgår glatt at det er svært lite truleg at ein i framtida kan basere seg på akkurat denne typen biodrivstoff, men algar er løysinga. Med ein algedam på storleik med Belgia skal det visst late seg gjere å produsere drivstoff til heile luftfarten.

Det skal vere spanande å fylgje med på kva som skjer i dei komande åra. Sidan Virginsjefen tente sine fyrste millionar på suksessen til Mike Oldfield midt på syttitalet, har det gått både opp og ned for Virgin, men han har alltid landa på beina. Korleis han skal kome seg ut av dette er ikkje godt å seie. Særleg ikkje når ein har i bakhovudet at Virgin Atlantic har bestilt seks Airbus A380, det største passasjerflyet i verda for levering i 2013.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *