Alder, berre eit tal?

Eg hadde tenkt å skrive. Eg hadde tenkt å skrive om Marit Bjørgen og Bruce Cockburn, om åra som går og munnhellet «alder er berre eit tal». Men det vert nok med tanken. Eg berre nemner Bruce Cockburn. Han er 72 år, har gjeve ut 35 plater sidan den første i 1970, er ein briljant gitarist, komponist og tekstforfattar og er nærast nasjonalheilagdom i heimlandet Canada.

Tida si tann og gikta har sett sine spor. Enkelte av glansnummera spelar han ikkje lenger, andre har han måtta endra fingersetjing på for kompensere for redusert fleksibilitet og rekkevidde. Likevel gjev han ut plater som vert rekna mellom dei beste han nokon gong har laga.
Og eg tenkjer: Det er vel det det kjem an på. Å akseptere at no er det her eg står og eg kan ikkje samanlikne meg med den gongen eg sprang raskast, hoppa høgast, spelte fortast eller uroa meg minst om eg ville nå dei høge tonane. Eg må finne ein veg rundt. På fagspråket heiter det visst psykologisk fleksibilitet. Om eg beheld den, kan eg strekke meg til at «alder er berre eit skal».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *