Har ikkje helseføretaka medansvar for velferdsstaten?

Dei trugar oss med eldrebylgja, denne tsunamien som visstnok, utan tvil, vil utslette velferdsstaten. Men det er vel ikkje alderen i seg sjølv som er problemet? Det er vel heller slik at eldre av ulike årsaker oftare vert mindre sjølvhjelpte og treng meir helsehjelp. Kvart år får mellom 12000 og 15000 menneske hjerneslag her i landet, og hjerneslag er dermed den viktigaste årsaka til funksjonshemming. Tverrfagleg rehabilitering av slagramma har dokumentert god effekt, og mange som elles hadde hamna på institusjon, kan halde fram med å bu heime med mindre hjelp. Sidan dette gjeld så mange, har det stor innverknad på kostnadene til det norske helsevesenet totalt. Då tykkjer eg det er underleg at helseministeren kan sitje stille å sjå på at helseføretaka kuttar i tilbod som utan tvil reduserer dei utfordringane eldrebylgja representerer for velferdsstaten. Om det er slik, no i målstyringa si tid, er det på høg tid å revurdere kriteria for måloppnåing.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *