Kva meiner dei eigentleg med "effektivt landbruk" ?

«Effektivt landbruk»….. Kva ser du føre deg ? Endelause sletter. med ein einsleg diger traktor med 1000 hestekrefter og ein 20 meter brei plog som du kun ser som ein liten prikk i ei diger støvsky i horisonten. Eller kanskje ein konvoi med 10 skurtreskarar i breidda, kvar med slåttebjelkar på 12-13 meter og ein fart på 15 km/t over dei same slettene.

Ja eg trur det er slik vi ser det føre oss. Det effektive landbruket. Og eg trur ikkje Øysten Dørum, sjeføkonom i DnB Nor Markets, er noko unntak når har no kjem med fylgjande utsegn til Finansavisen:

– Nå er tidspunktet kommet for å slippe bonden fri. Hvis vi mener at vi skal bidra mest mulig til en global matproduksjon, så skal vi selvsagt sørge for en mest mulig effektiv produksjon i Norge. Det riktige tidspunktet kommer av matkrisen.

Les meir her.

Det er mange ting i denne uttalen det kan vere grunn til å diskutere, men denne gongen vil eg konsentrere meg om «effektivitet».

Skal ein tru landbrukets klimapanel som la fram IAASTD -rapporten midt i april i år og som eg skreiv litt om i eit tidlegare innlegg ( Du finn det her), er vi faktisk fullstendig på bærtur når det gjeld synet på kva som er eit effektivt, framtidsretta og berekraftig landbruk.

Og når ein tenkjer på det: Vi vert stadig fleire menneske på jorda, vi har for mykje CO2 i atmosfæren, knapt med drivstoff og stigande prisar på kunsgjødsel og andre innsatsfaktorar. Kvar er då logikken i at effektivitet utelukkande skal reknast i kor mykje ein mann kan produsere og ikkje reknar med alle remediene han treng ?

Nei, ta med deg nokre poteter, grav dei ned ute i hagen din og ta dei opp att utpå hausten. Matproduksjon basert på lokale råvarer som sollys, regnvatn og matjord. Då kan vi snakke effektivitet.

En tanke om “Kva meiner dei eigentleg med "effektivt landbruk" ?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *