Kjære Erna..

..du vil truleg aldri lese dette her, men eg har lese debattinlegget du hadde i Dagbladet onsdag denne veka. Der skriv du at du er provosert av dei som kallar brotet i WTO-forhandlingane ein siger for verda sine fattige. Det har du sjølvsagt full rett til å vere. Og det er ikkje det eg reagerer på heller. Det som får meg til å reagere er alle sleivsparka. Du skriv mellom anna:

-Man må nesten spørre seg hva som er motivet for slike utspill, for et ønske om utvikling er det ikke.

-Det er en rasjonell grunn til å være glad for å slippe ny avtale, og den handler om ren redsel for forandring, ikke bekymring for fattige bønder.

Det er då eg vil spørje deg: Korleis i all verda kan du vite det ?

Eg kan ikkje vite om det var med vilje du ikkje nemne at den direkte årsaka til brotet var at India nekta å gje etter for press frå USA om å ofre dei særskilte tryggleiksmekanismane i landbrukssektoren. ( Desse har som oppgåve å verne bønder i fattige land mot lave prisar og import av matvarer.) Men det er klart at det hadde svekka argumentasjonen din om du hadde teke deg bryet med å nemne det.

Magnar Norderhaug, norsk biolog f.1939 d.2006 , avslutta si yrkeskarriere som instituttleiar ved Worldwatch Institute Norden og vart i 2004 utnevnt til Ridder 1. klasse av St. Olavs orden for innsatsen sin innan natur- og miljøvern. I 1996 gav han ut ei lita, viktig bok; Verdens mat, som eg stadig kjem attende til. Der skriv han mellom anna:

Dersom verden går inn i en epoke med knapphet og prisvekst på mat, er det behov for en ny jordbrukspolitikk som forener

-økologiske hensyn
-økonomisk lønnsomhet
-nasjonale egeninteresser
-global solidaritet

Eg har gode grunnar til å tru at dette er like gyldig i dag som for 12 år sidan og meiner at ein avtaletekst som t.d USA pressa på for å få gjennom ville vere eit steg i feil retning i høve Norderhaug si liste.

Utvikling kan vere både positiv og negativ og når valet står mellom å stå stille og å gå feil veg, meiner eg at det må vere legitimt å meine at det er greiast å halde seg i ro.

Det var berre det eg ville seie

0 Responses to “Kjære Erna..”


  • No Comments

Leave a Reply