Sterke saker

gjerdet2

Gardermoen, fredag 17. juli

«Vi kan alle bli den vonde» lyser mot meg frå eit avisstativ. Det er fredagsutgåva til Morgenbladet som har eit intervju med psykologen Philip Zimbardo, han med Stanford-eksperimentet, som hovudoppslag.  Zimbardo har vore forsvaret sitt ekspertvitne i rettsaka mot Ivan «Chip» Frederick, den høgast rangerte av torturistane  frå Abu Graib-fengselet i Irak og i intervjuet fortel han oss om mekanismene  som gjer at vanlege menneske kan utføre slike umenneskelege handlingar.

Oświęcim, søndag 19.juli

«Arbeit macht frei», står det over porten.  Framfor meg ligg ein knapt 3 timars tur gjennom Auschwitz og Birkenau. Som så mange andre har eg lese side opp og side ned og sett timesvis med film og på TV om dette forferdelige som skjedde her for over 60 år sidan.  Eg trudde eg visste, men etterkvart går det tydelegare og tydelegare opp for meg: Heilt vanlege folk, som du og eg, opplevde dette. Og vanlege folk, som eg og du gjorde det mogleg.  Og heile tida står Zimbardo sine ord for meg:  Ti prosent av befolkningen vil opptre heltemodig i situasjoner som krever det. – Men hvis vi stiller 100 personer opp etter hverandre, vil vi ikke være i stand til å peke ut hvem som vil opptre som en helt. Regelen er at majoriteten tilpasser seg, blir delaktig og adlyder blindt.

Sterkt.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *