He´kje du anna å gjere enn å blogge ?

 saudehornet1

 

Ein har faktisk valet: Skal eg legge merke til det, eller late vere. Men no byrjar det altså. Kvar morgon, om skylaget tillet det, leikar morgonsola seg med raudfargen i Saudehornet. Det varer nokre minutt og eg kan fylje med på det her frå kontorplassen min. Felles-IXUS ´en låg lett tilgjengeleg på eit skrivebord her, så eg tenkte de skulle få sjå på utsikta mi.

Eg trur ein tener på å legge merke til slike ting. Eg trur at endåtil arbeidsgjevaren min tener på at eg legg merke til slike ting. Men det kan eg sjølvsagt ikkje dokumentere. Det einaste som let seg dokumentere er at eg har nytta 5 minutt av arbeidstida mi til å skrive dette innlegget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *