50 mil heimanfrå. Forslag ?

olberg

Eit lite hint kan vere at dei fleste som er på desse kantar, sjeldan gidd å legge ut bilete tekne akkurat herifrå. Og så kan du finne bilettittelen då, men det er fjusk.

4 tanker om “50 mil heimanfrå. Forslag ?

  1. bandanders Innleggsforfatter

    OK. Biletet er teke sørover frå Ølbergstranda på Nord-Jæren, ei lita strand som ligg rett sør for den kjende og mykje fotograferte Solastranda (som er kåra til den 6. finaste stranda i verda, faktisk.)

  2. Kirsti

    Eg tenkte på Jærstrendene. Men så såg eg fastland i horisonten. Så var det berre Tjør, Feistein eller Rott som ligg og lurer;-P Det er jo lett for meg å si no, sånn etterpå, lissom. Det at skyene går lukt inn i æva og at himmelen er så stor skulle eg ha tatt meir på alvor:-)

    Korleis finn ein ut kva strand som er finast? Eg vil ha den jobben. Reise rundt og sjå på alle strendene i verda:-) Kjenner meg godt skikka, halvt strandar som eg er. Men jobben er gjort. Solastrand på sjetteplass. Ikkje dårlig.

    Håper at du har tatt fleire bilete frå traktene og at du legg dei ut på bloggen din. Eg har nett funne han. Fin blogg. Så fin at eg er avstandsforelska. Ber over med meg. Elsker fjella. Og fjorden. Og lyset. Og mørkret. Liker gjettekorbiletetertatt-tevlingar. Og sauer. Og svele. Og mykje av det du skriv her. Men mest av alt. Bileta. Takk skal du ha!

  3. bandanders Innleggsforfatter

    Så kjekt at du likar deg her. Det er godt å vite at der er nokon der ute som set pris på det eg legg ut. Kanskje særleg om motivasjonen skulle vere dårleg ein dag, men i dag og.

    Eg kan diverre ikkje love fleire Jærbilete med det fyrste. Eg var der sør ein lynvisitt for 3 veker sidan.

    Kan nemne at mor mi er oppvaksen på ein gard rett bak neset i bakgrunnen der og at Vigdelstranda dermed er verdas finaste. Heilt objektivt vurdert, sjølvsagt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *