Eg har fått ein award

Eg har fått ein såkalla «Award» av Britt Aase.Her er han:

best-blog-award_thumb4

Det er kjekt at der finst folk der ute som set pris på bloggen min og eg er takksam for dette teiknet på at nokon har glede av det eg legg ut.

Men kva gjer eg no ? Når ein ser i ordboka og finn ut at award « is something given to a person or a group of people to recognize excellence in a certain field; a certificate of excellence» skal det vel ikkje så mykje sjølvinnsikt til for å innsjå at dette vert litt «over the top» som det heiter på awardspråket. Samstundes fylgjer det ei forplikting med denne utmerkinga. Eg må sende henne vidare til 15 andre. Det vert som om du tek ein lasagne ut av steikeomnen og for seint oppdagar at grytekluten er våt og kjøkkenbenken full.

Likevel må eg vel vere så pass at eg sender utmerkinga vidare, og då trur eg at eg vil sende henne til Elisabeth i Bødø. Og så utfordrar eg turistkontoret i Bodø til å gjere noko av det  same. Sjølv om det næraste eg har vore byen er ei mellomlanding på Evenes i 1986, føler eg meg snart som kjentmann etter å ha lese bloggen hennar nokre månader. Dessutan skal du ikkje vere uredd for at du vil finne noko å tenke  vidare på i Elisabeths Eldorado.

5 tanker om “Eg har fått ein award

  1. Arild

    Eg set pris på bloggen din, eg les alle innlegga (i feeden min), men eg er kronisk dårleg til å kommentere og følgje opp 🙂
    Gratulerer!

  2. bandanders Innleggsforfatter

    Takk for det, Arild.

    Eg sluttar aldri å undre meg over kor godt det gjer med ros og gode tilbakemeldingar. Konsulenten min i slike saker seier at det skjer noko med hjernen vår, noko som set i gang produksjon av naturlege rusmidlar -hmmmm…dopamin og slikt Men dette er veldu eksperten på.

  3. Elisabeth

    Hjertelig tusen takk, Bandanders!! Jeg må jo i anstendighetens navn komme hit og takke for tildelinga – jeg ble kjempeglad da jeg leste dette innlegget 🙂 Jeg skal nok vite å gi den videre også, bare gi meg litt tid…

    Jeg koser meg veldig i din blogg, som alltid. Bilder og tekster fenger, og så er det det at du gir innsikt i en del av landet jeg kjenner relativt lite fra personlig erfaring (om enn mer av omtale!). Selv om jeg har en bror som et sted noenlunde i nabolaget der. Du skal se jeg havner der en gang av ren nysgjerrighet, om ikke annet!

  4. Arild

    Ekspert og ekspert, eg har no lese ein del om det, vil eg tru. Eg takkar for alle kommentarar på min eigen blogg (som nett no blir litt stefaderlig behandla).

  5. bandanders Innleggsforfatter

    Aril: Ja, du får sende meg ein mail om du tykkjer det vert vel mykje.

    At bloggar vert stemoderleg og stefaderleg behandla til tider,er i grunnen heilt OK. Det er vel berre eit teikn på at folk veit å prioritere.

    Elisabeth: No må du ikkje stresse det med vidaresendinga altså. Ta det som eit teikn på at nokon set pris på bloggen din, du.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *