Kvar tek Listhaug motet sitt frå ?

Eg har lenge lurt på kva Sylvi Listhaug veit som ingen andre veit, korleis ho kan parere alle faglege argument med «men ej trur», kvar ho får motet sitt frå der ho står framfor tusenvis av demonstrerande bønder og legg fram den same gamle forsteina bodskapen sin med slik ro. Kan denne trua på seg sjølv og eigne idear vere kunnskapsbasert ? Nei,så mykje er det ingen som veit. «Nei, det vesle vitet det rekk ikkje til, ei tru lyt stydja opp-under» for å sitere Ivar Aasen.

Eg har aldri tala med Sylvi Listhaug og veit ikkje kva ho trur på. Men eg veit at ho har sagt at favorittforfattaren hennar er ultraliberalisten Ayn Rand. Dette har ho til felles med Siv Jensen og Carl I. Hagen. Er det mogleg at noko av svaret ligg der ?

Eg har aldri lese Ayn Rand og eg kjem truleg aldri til å gjere det heller, men eit Ayn Rand-sitat som dukkar opp i mange sitatsamlingar lyder slik:

There are two sides to every issue: one side is right and the other is wrong, but the middle is always evil.

Skal tru om det er dette ho trur på. Om så er tilfelle, vert eg redd. Er det noko ein landbruks- og matminister for vår tid, med dei utfordringane som står i kø både når det gjeld miljø og matforsyning treng, så er det evne til å sjå ting frå to sider, vilje til kompromiss og til å gå middelvegar.

Og dessutan er ho på feil side.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *