Forfatterarkiv: bandanders

Eg ynskjer dykk alle eit godt nytt år

Eg las siste side av «Jeg nekter» av Per Pettersson på nyårsaftan. Den som har ambisjonar om enkelt å produsere ei liste over det ein har sett seg føre for det nye året, må aldri finne på å gjere det.

Men eg ynskjer at alle må oppleve kvar dag i det nye året som eit steg i retning mot ein stad de ynskjer å vere om eit år.

Og august kom, gjekk og no er det snart oktober

Det var håslått, skulestart og sauesanking. Og regn. Men no er siste sauen heime, det har slutta å regne for nokre dagar og i natt hadde vi første skikkelege frostnatta. Når sola har fått tine rimen, får vi sjå om georginene og skaugumplantene greidde seg. Dersom ikkje, må eg grave opp knollane i dag. Men tamblåbæra er framleis uforskamma gode uansett.