Kategoriarkiv: Hugskot

Finaste kaffibaren i verda

kaffibar1
Har du sett ”The bucket list”, skjønar du sikkert kva eg legg i det når eg seier at eg meiner å ha meir til felles med Morgan Freeman sin karakter enn Jack Nicholson sin når det gjelt tilhøvet til kaffi (og dei fleste andre område i livet, heldigvis). På ein skala frå frysetørka med vatn frå varmtvasskrana i den eine enden til Kopi Luwak (slå opp om du lurer) i den andre, ligg eg nok trygt plassert i ”frysetørkaenden” av skalaen og dess lenge ut i utmarka eg kjem dess mindre kravstor vert eg.
Men no har det seg slik at eg har ei dotter som har hatt ekstrajobb på kaffibar siste åra og eg har ein mistanke om at ho har sett det som ei oppgåve å utvide horisonten min når det gjeld kaffii. Og eg vedgår det gjerne: Etter å ha drukke presskannetrakta yirgacheffe på setra i morgonsola, skjønar ein at det er skilnad på kaffi. Og på kaffibarar.
Og når det gjeld ”The bucket list”, så er det ein fin film.

Siste året

I forslag til ny lov om dyrevelferd heiter det mellom anna:

§ 15 Bygninger, gjerder og andre mindre innretningerBygninger, gjerder og andre mindre innretninger skal utføres eller oppføres og holdes ved like slik at dyr ikke utsettes for fare for unødige påkjenninger og belastninger. Det skal ikke brukes piggtråd i gjerde for å regulere dyrs ferdsel. 

Må vedgå at eg har ståande nokre meter nettinggjerde med piggtråd på toppen, men i år skal eg fjerne siste rest med piggtråd.

Eg taggar Obama og alle andre med svin på skogen.

For lesarar som no fekk stygge assosiasjonar, vil eg gjere det heilt klart at eg utelukkande nyttar uttrykket «med svin på skogen» i tyding «med skjelett i skåpet» eller » har ureint mjøl i posen»