Kategoriarkiv: Tankar på rek

På sporet av Langfredag

langfredag1

Balladen om briggen «Blue Bird» av Hull
Evert Taube

Det var «Blue Bird» av Hull, det var «Blue Bird», en brigg,
som med sviktande stumpar stod på
över Soten i snöstorm med nerisad rigg
själva julafton sjuttiotvå.
Surra svensken till rors! Han kan dreja en spak,
ropa skepparn. Allright boys, lös av!
Och Karl Stranne från Smögen blev surrad till rors
på «Blue Bird», som var dömd att bli vrak.

Han fick Hållö fyrs blänk, fast av snöglopp och stänk
han stod halvblind – han fick den i lo,
och i lä, där låg Smögen, hans hem, där hans mor
just fått brevet ifrån Middelsbrough.
– Nå vad säger du Karl, går hon klar? – Nej, kapten!
Vi får blossa, för här är det slut!
Vi har Hållö om styrbord och brott strax i lä!
– Ut med ankarna! Båtarna ut!

Men hon red inte opp. Och hon fick ett par brott,
som tog båten de hade gjort klar.
– Jag tror nog, sa Karl Stranne, att far min har gått
ut emot oss jag litar på far!
Båt i lä! Båt i lä! Det är far – Det är vi!
Det är far min från Smögen! Hallå!
Båt i lä! Sjöng han ut, di är här! Jumpa i
alle man – I blir bärgade då!

Det var Stranne den äldre, en viking, en örn,
som på julafton sjuttiotvå
tog sitt renade brännvin ur vinskåpets hörn
till att bjuda de skeppsbrutna på
– Hur var namnet på skutan, han sporde och slog
nio supar i spetsiga glas.
– Briggen «Blue Bird»! – – Det tionde glaset han tog
och han slog det mot golvet i kras!

– Sa ni «Blue Bird», kapten, – briggen «Blue Bird» av Hull?
Gud i himlen! var är då min son?
Var är pojken, kapten? För vår frälsares skull!
Det blev dödstyst bland männen i vrån.

Gubben Stranne tog sakta sydvästen utav.
– Spara modern, kapten, denna kväll!
Nämn ej namnet på briggen, som har gått i kvav –
Nämn ej «Blue Bird» av Hull, är Ni snäll!
Och kaptenen steg upp. Han var grå, han var tärd –
stormen tjöt, knappt man hörde hans ord –
när han sade med skälvande röst till sin värd:
– Karl stod surrad och glömdes ombord!

Her ligg lydsporet: Briggen Bluebird

langfredag2

To luftige hypotesar

vitskapBasert på denne, og mange liknande erfaringar, vil eg i dag kome med to påstandar:

  1. Om du tilfører meir enn du forbruker, vil det til slutt renne over.
  2. Om du forbruker meir enn du tilfører, vil det til slutt bli tomt.

Det er i grunnen ikkje vanskelegare enn det. Og det er vel det som er problemet.

Men no er eg, som de ser, i ferd med å utvikle eit vitskapeleg fundament for desse to påstandane etter denne oppskrifta (henta frå nynorsk Wikipedia):

Eit matematisk bevis er ein demonstrasjon som syner at ei matematisk utsegn er riktig. Eit bevis er ei logisk påvising, ikkje ei empirisk påvising. Altså må beviset syne at ein hypotese gjeld for alle tilfelle utan noko som helst unntak.

Som de ser av krava til bevis, vil dette arbeidet ta noko tid. Og i mellomtida kan alle trygt oppføre seg som om påstandane mine kun er luftige hypotesar.

Som Oskeladden

rognekrune1

Om vel ei veke har vi den 8. mars, kvinnedagen, og eg er glad eg er mann. Kvifor? No er eg t.d. i ferd med å legg ut eit nytt innlegg her på museet. Desse innlegga vert stort sett til ved at eg har med meg kamera på mi meir og mindre målretta vandring gjennom kvardagen, klipper ut små bitar av det eg støyter på, kjem heim og ropar «Eg fann, eg fann» i det eg trykker «Publiser». Dette slepp eg altså unna med.

Eg har ein mistanke om at det ikkje hadde vore så enkelt om eg hadde vore dame. Dersom du er dame, bloggar og har nokonlunde bra helse, skal du liksom vere verdsmeister i alt. Du skal vere gourmetkokk, globetrottar, ha grøne fingrar og overstimulerte ungar, alltid ha ryddig kjøkenbenk og ha god greie på musikk og litteratur. Og så må du strikke, hekle, brodere og gimpe. Berre for å nemne noko

Likevel er det nesten berre damer som bloggar.

Komplementær

ettermiddagssol

Det var ein nydeleg novembersøndag. Den lave ettermiddagssola forgylte heile verda, ein måse flaug over hovudet mitt og knuten på den høgre skolissa mi hadde gått opp. Fjøra lukta ikkje fjøre, men denne ubeskriveleg gode, salta lukta ein kan kjenne på kalde haustdagar.Eg trur det er lukta av hav. Og det var pause i cupfinalen mellom Aalesund og Molde. Alt dette dukka opp då eg såg att dette biletet.

Men eg har øydelagt mang ein arbeidsdag med å lure på om eg verkeleg hugsa å slå av kaffitraktaren.

Eg sluttar aldri å forundre meg over korleis vi er ihopskrudde.

Det dynamiske omfanget i ein synnavindsmorgon

synnavindsmorgon

Det mørke vert for mørkt og det lyse vert for lyst. Enten misser ein teikningane i det mørke eller leiken i det lyse.  Eg ser attende på dei to siste postane mine og funderer på om  hovudet vårt verkeleg kan handtere dette spennet. Har hjernen vår eit dynamisk omfang som tillet oss å engasjere oss i det forferdelege og samstundes legge merke til og setje pris på det gode ? Og kva skjer med oss om vi prioriterer, med eller utan vitande ? I lengda ?

«Det negative presenterer seg sjølv»

ugras1

Storr, eller lyssiv; dårleg sort. Vanskeleg å verte kvitt, men om det hastar, så finst det kjemiske hjelpemiddel. Det vil nok hjelpe på kort sikt Men problemet stikk djupare enn som så. For å verte kvitt elendet i lengda, må ein legge tilhøva til rette for dei plantene ein ynskjer å ha i enga si. Ved inngangen til eit nytt år kan det vere verdt å ha i bakhovudet at dette er ei innsikt som kanskje har bruksområde utanfor botanikken og.

I skyminga

skyming

 

» Ting utviklar seg og vi må sjå inn i framtida.»  Vi høyrer stadig at desse orda vert nytta som grunngjeving for å gjennomføre upopulære tiltak. Denne gongen kjem utsegna  frå styreleiar i Fjord1 Fylkesbaatane, Jarle Skartun, i samband med  avgjerda om å bytte ut det 150 år gamle kompaniflagget. Ei avgjerd som har utløst det reine folkeopprøret i nabofylket. Folket rasar, men «ting utviklar seg og vi må sjå inn i framtida.» Ja, då så.

På skulen lærer vi at ei rett line som går gjennom to punkt er eintydig definert.  Av og til lurer eg på om vi går rundt og innbiller at framtida ligg på ei rett line som går gjennon i går og i dag. Men historia gjev oss få haldepunkt for at det er slik det heng saman etter det eg kan skjøne. Skyminga er det sjølvsagt ikkje så mykje vi kan gjere  med, men eg likar å tru at vi ved å setje oss  mål og å arbeide for å nå dei, kan påverke den retninga Utviklinga tek  og dermed også kvar framtida ligg.

Står nok framleis etter neste storm også

thelastthing

Kris Kristofferson har laga mykje som eg set stor pris på. Mellom anna songen «The last thing to go». Siste verset og refrenget går slik:

Love is the reason we happened at all
And it paid for the damage we done
And it bought us the freedom to fall into grace
On our way to our place in the sun

Every hard rocking wreck on the highway
Every heartbroken rule of the road
Every true thing we wrote on the wind is still singing
Love is the last thing to go

Han kan få sagt det, han Kristofferson.

Inn for landing

wideroe

I går var det einkvan som kviskra meg i øyret at eg var nominert til Den Gylne Q, bloggkåringa i kongeriket med flest år på baken. Eg såg med eitt føre meg ei rosenraud framtid utan treboler og økonomiske bekymringar. Men dengong ei. Eg var innpå pollen, som det heiter, i dag tidleg. To røyster hadde eg fått.. Så sauene fekk frukosten sin i dag og. Og den talen eg hadde førebudd  i natt i høve oppseiinga, får eg legge i skuffen.