Kategoriarkiv: Det jordiske

Kan det tenkjast at eventuelle resultat av dei pågåande landbruksforhandlingane i WTO vert fullstendig irrelevante?

Norsk landbruksnæring har, med rette, sett med otte fram mot ein ny WTO-avtale og eg har tidlegare hatt fleire innlegg her på bloggen som har hatt WTO som tema. Dei som har vore innom her i det siste har kanskje lagt merke til at det er ei heil stund sidan siste WTO-innlegg no. At engasjementet har minka, har ingenting med at eg har endra meining å gjere. Det er rett og slett verda som har endra seg.

Norsk bondefrykt for WTO baserer seg på fylgjande:

Norsk landbruk er ei politisk vilja næring. Ein har hatt i bakhovudet at det eigentleg vert produsert meir enn nok mat i verda, men ein har vurdert det slik at dei positive verknadene av eit eige landbruk har vore verde prisen. Ein ny WTO-avtale vil truleg setje ein stoppar for dei viktigaste politiske verkemidla for å oppretthalde eit allereie pressa norsk distriksjordbruk.

Mange utviklingstrekk tyder på at ting er i endring, eg kan nemne:

  • Den økonomiske utviklinga i Asia (særleg i dei folkerike landa Kina og India)
  • Folketalsutviklinga i verda.
  • Energiforsyning.
  • Erkjenning av klimautfordringar.
  • Auka bruk av mat som råvarer til drivstoff.

Når eg no kan lese fylgjande, gjer ein seg sine tankar.

US approaching critical point in the use of corn-based ethanol (lenke)

-At that crude oil price range, U.S. ethanol production could reach 30 billion gallons by 2012, consuming more than half of U.S. corn, wheat and coarse grains, and triggering higher meat and poultry prices for consumers, reduced meat and poultry production, and significant reductions in grain and meat exports.

Australian Water Crisis Could Be Worse Than Thought(lenke)

CANBERRA — Water shortages facing Australia’s drought-hit prime agricultural area might be worse than expected, the government was told on Wednesday, as river towns braced for unprecedented restrictions on water use.

USA og Australia er mellom landa som pressar hardast på for å få land som Norge til å endre politikk og opne grensene. Kan hende kan vi hamne i den utrulege situasjonen at rike land vert oppmoda til å støtte eige jorbruk for å gjere oss mest mogleg sjølvforsynte og på den måten halde marknadsprisane nede. På den måten kan kanskje dei fattigaste av dei fattige landa få råd til å kjøpe seg mat om dei har behov for det. Ikkje det at dette er nokon ynskjeleg situasjon, men at vi må tenke nytt om denne problemstillinga, bør ikkje kome som ei overrasking på nokon.

Tankar som må kombinerast


Utanriksministeren vår har vore i Davos og fått håp om at WTO- forhandlingane snart skal kome i gang att. Det skulle innebere at kritikk og latterleggjering av norske bønder og norsk landbrukspolitikk snart går inn i ein ny glansperiode. Vi kjenner alle utsegn av typen.:

-Landbruk er ein luksus ingen rike land burde ta seg råd til å halde seg med.

-Eksport av landbruksprodukt er springbrettet fattige u-land har til å kome seg ut hengemyra. Det er umoralsk av rike land å subsidiere eigne bønder og på den måten stoppe den skjøre økonomiske veksten i den fattige delen av verda.

Eg vil ikkje bruke plass på å kommentere desse utsegnene her. Eg vil derimot dra fram to artiklar eg støtte på i nettutgåva av Dagens Næringsliv i dag som eigentleg skulle gjere kommentarar overflødige.

Endret klima krever nye planteslag

-Det må utvikles nye planteslag tilpasset et endret klima dersom en skal unngå hungersnød i fattige utviklingsland, mener et globalt nettverk av landbruksforskere.
Vi snakker om en enorm utfordring, om å hindre omfattende hungersnød i utviklingsland, sier Louis Verchot fra et forskningssenter i Kenya til BBC.
Problemet med å finne planteslag som kan tilpasses et endret klima er en av de viktigste utfordringene for landbruksforskere i det globale CGIAR-nettverket, som møtes til nettverkets årlige samling i Washington denne uka.
CGIAR er et nettverk av ledende forskningsinstitusjoner med oppgave å utvikle og forbedre landbruket i utviklingsland.


Heile artikkelen finn du her: Trykk

Dramatisk klimavarsel

-Verdens klimaforskere blir stadig sikrere i sin sak.

-Raskeste siden forrige istid

Klimaforhandlere og embetsmenn fra over hundre land skal finslipe formuleringene på møter i Paris denne uka. Men hovedkonklusjonene i forskernes rapport er allerede klar: Vi kan vente oss en temperaturøkning i dette hundreåret på mellom 2 og 4,5 grader, med rundt 3 grader som det mest sannsynlige. Det er en raskere temperaturøkning enn noen gang siden forrige istid for 11.000 år siden.

Både EU og Norge definerer en temperaturøkning på mer enn 2 grader som «farlig». En slik økning vil blant annet få store konsekvenser for mange arters muligheter til å overleve, den kan ramme jordbruk og tilgang på ferskvann for mange millioner mennesker og gi økt hyppighet av ekstremt vær, blant annet alvorlig tørke i Sør-Europa.

Heile artikkelen finn du her: Trykk

Dersom ikkje media kan vere edruelege nok til å ha dette som bakteppe når dei skal dekke eventuelle WTO-forhandlingar, har dei vore for lenge på festen.

Pascal Lamy på turné

NHO har også i år samla det som står og går av norske næringslivstoppar og politikarar til sin årvisse konferanse. I år hadde dei m.a. invitert generalsekretær i WTO, Pascal Lamy. I førehandsomtalen i Dagens Næringliv kan vi lese:

-Generalsekretær i WTO, Pascal Lamy, kommer til å omtale Norge som en av verstingene blant proteksjonistene som hindrer den frie verdenshandelen. Mange i salen vil føle seg truffet.

Og dei fekk som bestilt. Pascal leverte varene. I referatet frå same avis kan vi m.a. lese:

-Landbruket vil lide. Norge er positive til 80% av endringene som foreslåes av WTO, anslo Lamy, men svært negative til alt som omhandler landbrukstoll og subsidier.
– Norge tilhører de ti landene som har høyere tollsatser og subsidier enn EU, og det er et rimelig høyt sammenligningsgrunnlag, sa Lamy og mottok nervøs latter fra salen.
– Norge må gi litt. WTO-runden som nå pågår vil helt sikkert føre til lavere tollsatser på landbruksvarer og lavere subsidier, og det vil påvirke dere, sier han.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at norsk landbruk eksisterer i si noverande form avdi det er politisk vilja. Landbrukspolitikken er så komplisert at det har vore hevda at kun bondelagsleiaren og Vårherre har hatt oversikt, men at Vårherre gav seg ein gong tidleg på 70-talet. På den andre side ser eg ein tendens til at skråsikkerheita er proporsjonal med kunnskapsløysa og mangelen på evne eller vilje til å sjå på emnet i større samanheng.

Ein kan meine kva ein vil om tollsatsar og offentlege subsidiar, men det er trass alt eit system som er ope for innsyn. Alle opplysningar er tilgjengelege og einkvar kan gjere seg opp si eiga meining. Vi lever i eit demokrati og har såleis den landbrukspolitikken politikarane på stortinget vedtek.

USA er eit av landa som pressar mest på for å få Noreg til å redusere overføringane til landbruket. Der i garden er ikkje alt like gjennomsiktig som her. Eit døme:

Kina er i ferd med å stå fram som den verkelege økonomiske stormakta i verda og for å omskrive ein gamal «good saying», så vil verda gå den vegen Kina sparkar. Det gjeld altså å få Kina til å sparke rette vegen. For ein nasjon som produserer matvarer som skal omsetjast på verdsmarknaden, vil ein høg pris vere positivt. Korleis kan ein då påverke verdmarknadsprisen på ein måte som ikkje vert oppfatta som ulovleg konkurransevridning. Ja, då kan ein til dømes gjere slik som U.S. Grains Council. Dei arrangerer seminar i Kina som har som målsetjing å auke mjølkeproduksjonen der. På den måten vil kraftforbehovet auke og Kina sin eksport av t.d. mais vert redusert, noko som fører til ein høgre marknadspris. Det går an om du er stor og sterk nok. Les meir her

No er situasjonen i Noreg slik at vi kan legge ned heile landbruket og setje alle bønder på trygd utan at arbeidsløysa bli høgre enn ho var midt på 80-talet. Handterbart med andre ord. At ein vil skape tusenvis av gjeldsslavar og personlege tragediar er ei heilt anna sak. Men eg har til gode å verte overtydd om at dette vil hjelpe dei verkeleg fattige i verda. Dei som er avhengige av å kjøpe mat vil i alle høve ikkje ha fordel av høgre prisar.
Marknadsfundamentalistane hevdar at styresmaktene sin næringspolitikk skal avgrense seg til å skape det ein på engelsk kallar «even playing field». Men det hjelp ikkje med fin bane når ein ikkje får vere med å spele eller ikkje har råd til fotballsko.
PS I og med at mais er hovudråvare til bioetanol i USA, vil lagnaden til denne planten vere verd å fylgje med på. Du finn enormt mykje på nettet om dette. Les t.d. meir her

Bekk på videvanke og det multifunksjonelle landbruket

Han ser ikkje det minste skummel ut, med litt godvilje kan vi endåtil kalle han småsjarmerande. Men han renn ikkje der hen skal og kva hadde du sagt om han kom inn kjellardøra di ?

I tidlegare tider gjekk gamlekarane haustatida i utmarka med hakkegrev og rydda veiter og bekkefar for greiner, torver og lauv for å sikre at vatnet heldt seg der det skulle. Dei visste vel kva skade vatn på avvegar kunne utrette og dei var ikkje ukjende med skikkelege vassfløder den tida heller. Det galdt å vere føre var. I dag er det få som driv med slikt. Døgnet har ikkje meir enn 24 timar for ein bonde heller.

Framstegspartiet, som har ambisjonar om å overta kommunenorge frå hausten av, ser på bonden kun som «selvstendig næringsdrivende innenfor næringsmiddelbransjen» (sitat C.I. Hagen) og har som mål å oppheve konsesjons-, bo- og driveplikta. I Noreg har vi spreidd busetnad og mange vil merke konskvensane dersom denne utviklinga får halde fram. At NVE, stat og kommune skal overta desse usynlege oppgåvene held eg som lite sannsynleg. Men kven veit, her i heimkommunen har ein framstegspartipolitikar fremja forslag om å kjøpe inn kommunale geiter for å halde attgroinga i sjakk. I det gamle Sovjet vart slikt kalla «kolchos». Ein kan vel kalle det å vere løysingsorientert……..

Er naturen ein seriøs leverandør ?

Det et stilt i skogen for tida. Hjorterautinga morgon og kveld har stilna. Det skulle tyde på at neste års kalvar stort sett er i boks og at bukkane, som har vore opptekne med allt anna enn eting siste to månadene, kan nytte tida til å legge på seg litt før kulden set inn og snøen legg seg for alvor.Ja,ja, korleis det vert denne vinteren er ikkje godt å seie. Eg høyrer at Meterologisk Institutt startar pollenmålingane allereie førstkomande mandag.

Ein kan saktens undre seg over kvifor det er slik, at hjorten er programmert slik at bukkane nærmast gjer seg til vrak rett før dei går inn i vintertida, medan mange andre dyr får nytte tida til å førebu seg på dei harde tidene. Svaret er sjølvsagt at neste generasjon skal få ein optimal start. Kalvinga skjer i månadskiftet mai-juni. Då har kolla allereie fått i seg dei første næringsrike spirane og kalven vert fødd i det naturen eksploderer. Om bukken overlever vinteren er mest utan betydning, han har fått overført genane sine. Så viseleg og så brutalt har naturen ordna det.

Landbruksnæringa i Noreg får kritikk for at ein ikkje kan levere ferske råvarer året rundt. Skal ein vere ein seriøs, framtidsretta aktør, er det eit minstekrav. Og dei prøver så godt dei kan. Eit av tiltaka er å satse på Dorset-sauen, ein rase med ein genfeil som gjer at han kan kome i brunst året rundt og og kan få lammekull med 8 månaders intervall. Ein vil då sjølvsagt kunne produsere slaktemogne lam året rundt med inneforing og kraftfor. Men ein har fjerna seg ganske mykje frå den naturlege syklusen til sauen, som liknar mykje på hjorten sin.Det er for meg eit paradoks dersom lønsemda i ei næring som profilerer seg med lam på grøne fjellbeite skal verte avhengig av driftsformer som utviklar seg i ei heilt anna retning.

For kva vil det seie å vere ein seriøs leverandør ? Det er ikkje godt å finne nokon ferdiglaga, generell definisjon på det, men eg prøver meg med ein heimespøta.

-Ein seriøs leverandør skal levere rett vare, i rett mengd, i rett kvalitet, til avtalt tid og til avtalt pris.

Mykje tyder på at næringar som baserer seg på å fylgje syklusane i naturen går harde tider i møte. Naturen let seg nemleg ikkje tvinge inn i snevre definisjonar. Dei som styrer med logistikk vil ikkje få nokon enklare jobb med tida. Ein kan sjølvsagt redusere skadeverknadene ved å nytte driftsformer som ikkje er så avhengige av den upålitelege naturen, men eg kan ikkje skjøne anna enn at dette må vere ein tankekross for Petter Stordalen & co. I det siste har dei anklaga næringa for ikkje å satse på økologiske varer, men samstundes krev dei ein høg grad av leveringstryggleik. Eg trur rett og slett ikkje at naturen stettar krava til å få tittelen «seriøs leverandør».

Pragmatikarar og glasgopler

Kva tenkjer du på når du les ordet «pragmatisk» ? Ser du føre deg ein person med ryggrad som ei glasgople ( eller glassmanet om du vil) ? Då er du truleg ikkje åleine. Eg har inntrykk av pragmatikarane mellom oss slit med eit dårleg rykte. Er så dette fortent eller ufortenet? Vi kan byrje med å sjekke kva ordboka seier.

pragma´tisk adj.
klok, innsiktsfull
allmennyttig
praktisk, formålstjenlig
som gjelder statssaker
som gjelder handlingers og begivenheters indre sammenheng
i uttr. pragmatisk historieskrivning historieskrivning som prøver å klarlegge historiske hendelsers årsaker og virkninger og av det trekker lærdommer for fremtiden

Kva er så det motsette av å vere pragmatisk ? Er det å være prinsipiell ? Vi kan sjekke ordboka ein gong til.

prinsipie´ll adj. lat.
som er i samsvar med prinsipper
som angår kjernen i en sak, som bygger på grunnsetninger, grunnvesentlig

Ser du nokon motsetnad her? Etter mitt vit er det ikkje eit enten eller her, men eit både og.

Eit lite praktisk eksempel:

Eg kjenner folk som meiner at når du tenner bål, skal det skje med kun ein fyrstikk og utan papir. Tennbrikettar, rødsprit og liknande kjem sjølvsagt ikkje på tale. Lat oss no tenke oss at du er ute på tur ein råkald vinterdag, langt frå folk. Du er gjennomblaut og kjenner at frosten er ferd med å få overtaket. Ei krasafaren steinbu, som Hellbillies syng om, vert redninga di og til di store glede ser du at der ligg ved i peisen. I vedkassen finn du ei nesten tom fyrstikkøskje, ein gammal Sunnmørspost og eit par tennbrikettar. Kva gjer du ?

Svaret skulle vel gi seg sjølv. Men gjer dette deg til ein dårlegare person ? Sjølvsagt ikkje. Du har rett nok vore pragmatikar, men du har også handla i samsvar med meir overordna prinsipp.

Som menneske er vi utstyrte med grov- og finmotorikk. Eg ser føre meg at grovmotorikken kan stå som bilete på prinsippryttaren og at pragmatikaren i oss står for finmotorikken.

På same måte ser eg føre meg at eit demokrati burde fungere (no må du ikkje gløyme definisjonane frå ordboka ). Det er derimot duka for store vanskar dersom ein på høgste hald t.d. ikkje kan skilje mellom prinsipp og forretningside.

Eit lite døme vil kanskje syne deg kvar eg vil:

Økologi er eit trendy ord og økologisering av landbruket er ein av strategiane styresmaktene vil nytte for å halde liv i næringa. Dette er vel og bra, men kva når ein som økologisk mjølkebonde må auke dieselforbruket sitt med 50% og kjøpe større, tyngre traktor og reiskap for å overleve ? Berre for å kompensere for avlingstapet han opplever ved omlegginga. (Han må auke arealet). Det er då det vert konflikt mellom prinsipp og pragmatisme. Men når no superkjendisane et økologisk og startar økologiske restaurantar opp og nedføre, er det sikkert ein brukande forretningside. På kort sikt altså. Men eg kan ikkje skjøne anna enn at det må vere vondt for ein ekte økolog å vere med på.

Vakkert kanskje, men varslar ikkje godver

Biletet ovanfor var teke samstundes med at barometeret var på topp for så å snu nedover. Det endar nok med at vi får smake litt av vinteren før det tek til vetet, tenkjer eg.

Er kiloprisen på poteter interessant for deg ? Truleg ikkje, eg har nemleg lese at moderne menneske ikkje et poteter. Dessutan er det usunt. Det har Fedon Lindberg og Dr. Robert C. Atkins, og fleire med dei, fortalt oss no i fleire år. For meg derimot, ein inngrodd potetgubbe som meiner at middag utan poteter heiter lunsj, stiller det seg litt annleis. Ikkje det at det er så nøye om kiloprisen er 3, 4 eller 8 kroner, men variasjonane i prisen kan fortelje oss ein heil del.

I Noreg har vi eit (etter mange si meining håplaust) system med noko ein kallar målpris. Denne vert framforhandla i dei årlege jordbruksforhandlingane. Dersom prisen på norske varer overstig denne, har vi i prinsippet fri import frå utlandet. Så lenge prisen er under, har vi vernetoll på importen. Differansen mellom internasjonal marknadpris og målpris vert rekna som subsidiar og representerer ein stor del av alle milliardane i overføringar til jordbruket.

I normalår får ein inntrykk av at kypriotar, danskar og mellomeuropearar står på trappa vår, klar til å rykke inn så snart den norske potetbonden tek seg så godt betalt at importen vert frislept. Ikkje slik i år. I år har tørken i Mellom- og Søreuropa redusert potetavlingane så mykje at der mest ikkje finst poteter å få tak i.

Når eg no likevel kan gå i butikken og kjøpe norske poteter til middagen, er det fordi vi har hatt eit system som har sikra at det har vore mogleg med lønsam produksjon av poteter på dei mest eigna stadene her i landet. Det er dette ein kallar mattryggleik.

I eit system med full frihandel på jordbruksvarer, vil ein ikkje ha høve til å ta slike omsyn. Så kan ein sjølvsagt innvende at «er det så nøye med desse potetene då ?» Nei, det er det eigentleg ikkje, men i år er det potetene, kven veit kva det vert neste år ? Og når eg nyttar poteter som døme, så er det avdi det vert rekna som noko av det sikraste og mest årvisse ein kan dyrke.

Kan hende er det ikkje berre barometeret som bør ta til vetet før vinteren?

PS I dag tidleg var det rim på alle markar og barometert har ikkje snudd.

Symbolpolitikk, trendar og kjepphestar

Som de ser av biletet eg tok i dag tidleg, går det mot haust også på mine kantar av landet. Biletet viser området der sauene mine gjekk på sommarbeite.Toppen er på ca1000 moh. Saudehornet som ligg i same området og som eg har skrive om i eit tidlegare innlegg, strekkjer seg til 1303 moh.Dei fleste lamma lever, lukkeleg uvitande om kva dei har i vente, dei siste 90 av sine tilmålte 150 dagar i desse fjella. Offisielt sett er dei ikkje økologiske.

Dei raudgrøne har eit ambisiøst mål om at 15% av all jordbruksproduksjon skal vere økologisk innan 2015. Dette ser vanskeleg ut å gjennomføre, men så har dei funne ut at ved å gjennomøkologisere sauenæringa (Representerer 7-8% av kjøtproduksjonen i Noreg) er dei som ved eit trylleslag godt på veg.

Dersom no regjeringa når målsetjinga si, er det eit spørsmål som vil dukke opp her hjå meg:
Kva har vi oppnådd ? I realiteten.

Nei, kjepphestar kan vere så fine dei vil. Felles for dei alle er at dei manglar kjøt på beina.

Dersom du vart litt provosert no, kan du lese Debioreglane (etter mi meining, eit flott ideal å strekke seg etter) og gjere deg opp di eiga meining om kva ende ein burde byrje i.

Du finn dei her

Om livet på ein knivsegg

Du les no ein redigert versjon av dette innlegget. Eg oppdaga at det i originalen hadde snike seg inn ein grov faktafeil og det enklaste hadde då vore å slette heile driten. Men så kom eg på at det kan hende er like lurt å late det stå som ei påminning om at det ikkje løner seg å være kjepphøg på sviktande grunnlag.

I går var dei sak på Dagsnytt att. Dei heng visst saman som erterris,Gilde og E. coli. Men no tykkjer eg at NRK og media elles er i ferd med å koke suppe på ein spikar. Saka var at det vart oppdaga E.coli-infisert innmat ved Gilde sitt slakteri på Sortland og at Mattilsynet la ned omsetningsforbod. Ein kunne få inntrykk av at Gilde hadde tenkt å sende styggedomen ut på marknaden men at Mattilsynet kom som ein reddande engel i siste sekund og fekk hindra ein ny skandale. Sanninga er at Mattilsynet sin kontroll på slakteria er ein del av Gilde sine standard kontrollrutinar, og saka vert vel såleis ei «ikkjesak».

Dementiet:


Det var her det svikta. Diverre for meg og Gilde, var det ikkje Gilde sin kvalitetskontroll som oppdaga miseren, det er derimot Tind Spekemat på Stranda som får ros av Mattilsynet.

No kjem resten av originalen


Problemet er vel heller det ein kan kalle arven etter Sponheim. Han prøvde å framstille det som om det var mogleg å produsere 100% steril mat og at dette skulle være ein føresetnad for norsk matpolitikk. Han, av alle, burde skjøne at dette er ein illusjon.

Er løysinga å verte vegetarianar ? Det finst mange gode argument for å verte det, men eg tvilar på at det vil løyse dette problemet. Ein kan t.d prøve å setje litt av botnrusket i potetposen til dyrking, så tenkjer eg resultatet vert temmeleg skræmande etter ei tid.

Så vi lyt berre leve med det. Ein kan gjere mykje for å redusere risikoen ved å handle fornuftig, men fjerne han ? Aldri så lenge mat er eit naturprodukt og det er vel det vi ynskjer ….

Produsentar, konsumentar og Den vesle raude høna


Ei lita raud høne fann ein dag eit lite kveitekorn.
– ”Kven vil hjelpe meg å så kornet?” spurde ho.-
– ”Voff, voff! Ikkje eg” sa hunden.
– ”Mjau, mjau! Ikkje eg” sa katten.
– ”Nøff, nøff! Ikkje eg” sa grisen.
– ”Kvakk, kvakk! Ikkje eg” sa anda.
– ”Så får eg gjere det sjølv, då” sa den vesle raude høna. –Klukk, klukk. Så sådde ho kornet.

Resten av eventyret kjenner de sikkert. Den som meiner at høna er urimeleg når ho til slutt set til livs heile kaka, får heller skrive ein kommentar til dette innlegget.

Bokhandlerforeningen gjev kvar haust ut katalogen Årets bøker. Denne finst også i ei nettutgåve. Eg kom ved eit tilfelle over 2005-utgåva her om dagen. Eg såg då at katalogen inneheldt 68 nye titlar som handla om mat og drikke, altså kokebøker, vinguidar og slikt. Ikkje ein einaste tittel handla om alt som skjer med maten før han kjem til butikken.

Det var då eg kom på eventyret om den vesle raude høna.