Kategoriarkiv: Naturlegvis

Ekstremistar på tur ?

Eg vart ekstremist i går. Ikkje i min villaste fantasi hadde eg trudd at det skulle ende slik, men no har det altså skjedd.
Eg høyrde ein radiodebatt mellom Sp-representanten Ola Borten Moe og Steinar Lem frå Fremtiden I Våre Hender. Dei diskuterte verninga av Trillemarka. Dette er ei stor sak med mange sider og i det perspektivet tilførte ikkje debatten lydarane noko nytt. Det som derimot fekk meg til å skrive dette innlegget, var ordbruken til Steinar Lem, ein mann eg stort sett høyrer på med interesse og eit ope sinn.
Ola Borten Moe hevda at Steinar Lem med ordbruken sin forsura samarbeidsklimaet mellom verne- og grunneigarinteressene meir enn naudsynt. Steinar Lem hevda på si side at dette var ei så viktig sak, at ordbruken ikkje kunne verte for sterk. Her er eg usamd med den gode FIVH-representanten.
Slik eg forstod Steinar Lem, meiner han at einkvar grunneigar, uansett korleis han forvaltar egendomen sin, med full rett kan kallast ekstremist dersom han har motførestellingar mot å gje frå seg retten til å hogge juletre i eigen skog.
Det burde vere skilnad på å barbere seg og å skjere hovudet av seg, også for Steinar Lem. Kan hende kan eg setje FIVH i betre julestemning dersom eg lovar å kjøpe dansk juletre i år?

Ein tenkepause

Slike opplevingar kan ein altså ha på fjellet i desember. Så kan ein stille seg det filosofiske spørsmålet: Har verdien til denne vesle biten av kloden auka no, etter at eg hadde denne opplevinga og de har sett biletet ? Eller har naturen ein eigenverdi, totalt uavhengig av våre opplevingar av han ?

For lokalkjende: Biletet er teke frå Hesteryggen med Vassdalstinden i bakgrunnen.

Kråke eller panda ?


Det vert sagt at 99,5% av alle artene som har eksistert på jorda er utrydda. Mennesket har av naturlege årsaker alibi for mesteparten av dette, det er trass alt ikkje lenge sidan den første homo sapiens dukka opp. Likevel, ikkje sidan dinosaurane og halvparten av artene på jorda døydde ut for 65 millionar år sidan har avgangen vore større enn no. Ein reknar med at kanskje så mykje som 100 arter forsvinn for godt kvar dag og at halvparten av alle arter på jorda er utrydda om 50-100 år. Mykje av dette skuldast utan tvil menneskeleg aktivitet.

Så kan ein stille seg spørsmålet. Kven er det som forsvinn og kven er det som overlever ? Grovt sett kan ein seie at generalistane, dei mangfaldige og tilpasningsdyktige overlever, medan spesialistane døyr ut. Kråka er ein typisk generalist med suksess. Pandaen derimot er ein spesialist som lever på ein knivsegg, totalt avhengig som han er av tilgang på friske bambusskot og ingenting anna. Eit tiltalande ytre tel ingenting i denne samanhengen.

På same måte vert eit samfunn, der utelukkande økonomiske kriterier vert nytta når ein skal vurdere kva som er framtidsretta og ikkje, meir og meir likt pandaen. Vi vert meir og meir sårbare. T.d. kunne ein i Brennpunkt på TV2 i går høyre at vi aldri, trass i all vår materielle velstand, har vore meir utsette for verknadene av ein pandemi enn vi er i dag.

Kan hende er det greitt å være panda i dag, men i lengda har eg mest tru på kråka.

Vern

Biletet er lånt herifrå

Tenk deg at det vart utlyst ein konkurranse der ein skulle kåre den beste heimen i kongeriket. Dei fleste av dykk vil nok hevde at dette vil være eit håplaust prosjekt, men vær med på tankeeksperimentet likevel.

Konkurransen vert arrangert etter Idol-metoden. Kandidatatane vert vurderte av ein fagjury og TV-publikum og vert utstemt ein etter ein og til slutt sit ein att med ein vinnar. Etter at feiringa er over og alle kamera er avslegne, melder spørsmålet seg. Kva skal ein gjere med landets beste heim ? Sjølvsagt må han takast vare på, men korleis vernar vi ein heim ? Det gjer ein ved å stenge av straum, vatn og telefon og legg sterke føringar for bruken. Eller…. vil det være så lurt? Kan det tenkjast at resultatet etter kort tid vert som på biletet ovanfor? Og dessutan, ein heim omfattar meir enn skalet rundt.

Stadig nye område her i landet vert omfatta av ei eller anna form for vern og mange får kvardagen sin og livsgrunnlaget sitt endra på grunn av det. Kan hende vil det skape større forståing for vernetanken dersom forvaltninga legg meir vekt på å verne dei prosessane som har gjordt eit stykke natur verneverdig og mindre vekt på konserveringstenkinga.


Inga medalje har 2 framsider

DnB nor la i dag fram2005-resultatet sitt med rekordoverskot. I samband med dette uttalar konsernsjef Svein Åser at perioden 1995-2025 i framtida sine historiebøker vil verte kalla «norges økonomiske gullalder». Sjefsøkonom i Handelsbanken, Knut Anton Mork er samd og meiner vi kan takke Kina for dette. Kinesarane sørger for høg oljepris og billege varer. Baksida av medaljen vert den prisen miljøet og framtidige generasjonar betaler for veksten i Kina. Tida vil vise kva som vil stå i historiebøkene om dette. At det nokon gong vert nytta som eksempel på berekraftig forvaltning er vel heller tvilsamt.