Kinder-egg, minst tre ting på ein gong

Ein skulle ikkje tru det gjekk an. I dag var Kenya Airlines vertskap for representantar frå The Boeing Company for å feire kjøp av 6 nye «786 Dreamliner». Snakk om perfekt timing:

  • Kenya svelt. 3,5 millionar er hjelpetrengande. Naturen har hoppa over to regntider og store område er så tørre at der ikkje gror mat, verken for folk eller dyr.
  • Det er etter kvart stor semje om at tørken er eit resultat av dei globale klimaendringane.
  • Trass i at enkelte vel å ikkje tru på det, er eg godt selskap når eg hevdar at utslepp av klimagassar i alle høve er ei medverkande årsak til klimaendringane.
  • Transportsektoren er kjelde til ein svært stor del av utsleppa og utsleppa frå luftfarten er særleg skadeleg i og med at drivhusgassane vert slepte ut i stor høgde.
  • Så er det dette med framtida for luftfarten i det heile. Det er ein bransje som er heilt avhengig av tilgang på rimeleg drivstoff. Differansen mellom produksjonsevne og etterspurnad minkar stadig, enkelte hevdar endåtil at vi allereie har passert «peak oil» med dei konsekvensane det kan få.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *